Cristiano Ronaldo vann Gullballen for kalenderåret 2013 måndag kveld. Han vart stemt fram av landslagstrenarar, landslagskapteinar og journalistar. Fleire meiner likevel at franskmannen burde ha vunne.
Fem av fem titlar
Den anerkjende britiske fotballskribenten i The Telegraph, Henry Winter, gav Ribéry flest poeng og peikar på fylgjande som burde ha tala til fordel for midtbanespelaren.
- Ribéry vann fem av fem moglege titlar: Bundesliga, meisterliga, den tyske cupen, UEFA Super Cup og VM for klubblag. Ronaldo tok ingen titlar, medan Messi vann den spanske ligaen og cupen.
- Kåra til årets spelar i Bundesliga.
- Kåra til den mest verdifulle spelaren under VM for klubblag.
- Kåra til den beste spelaren i Europa av UEFA (framfor Ronaldo og Messi).
I tillegg er midtbanespelaren på Bayern München overlegen i fylgjande statistikkar:
Statistikken er utarbeida av BBC og er basert på klubb- og VM-kvalifiseringskampar.
Tre gongar så mange vellukka driblingar
Ribéry utførte om lag tre gongar så mange driblingar som Messi, og skapte over 50 fleire målsjansar enn Ronaldo. Real Madrid-spelaren vann ikkje ein einaste tittel, men var sterkt delaktig i at Portugal kvalifiserte seg til VM.
Det som derimot favoriserer Ronaldo er tal på mål. Portugisaren scora ikkje mindre enn 66 mål for klubb- og landslag.
Vurderingane skal gjerast ut frå prestasjonar for klubb- og landslag, fair play og eit generelt prestasjonsnivå i kalenderåret 2013. Her skal det leggjast særleg vekt på viktige kampar.
Hadde avstemminga berre vore basert på journalistane sine stemmer, slik ordninga var fram til 2009, hadde Ribéry vore overlegen.
Ifylgje goal.com hadde 80 journalistar rangert Ribéry som beste spelar av dei tre. Ronaldo fekk 48, medan Messi fekk 31 av fyrsteplass-stemmene.
Fryktar marknadsverdien har teke over
Dei siste åra har Gullballen nærast vore ein rein duell mellom Ronaldo og Messi. UEFA-president Michel Platini er redd kåringa er ein kamp om global marknadsverdi framfor kva som vert prestert på bana.
– Eg er skuffa, for i 50 år har prisen gått til den som har vunne trofear og hatt resultat på bana. No snakkar me om ein global marknadsverdi på spelarar, og det er eit problem.