– Måten det kom ut på, var opprørande, sa Ferguson på ein veldedigheits-lunsj torsdag.
Det er første gongen Ferguson snakkar offentleg etter at
.Allereie måndag lak det ut i pressa at Moyes kom til å få sparken. Moyes sjølv vart ikkje informert før 16 timar etterpå, og det er det som har fått Ferguson til å reagere, melder
.- Les:
Den mangeårige og svært suksessrike tidlegare United-manageren ga framfor 300 tilhøyrarar uttrykk for stor misnøye med måten Manchester United handterte saka på.
Ferguson gjekk av som manager etter meir enn 26 år i mai i fjor. Han peika sjølv ut Moyes som sin etterfølgjar, og Moyes fekk seksårskontrakt.
Prøvde i det lengste å redde Moyes
Ifølgje Sun Sport prøvde Sir Alex i det lengste å redde Moyes, men dei dårlege resultata vart til slutt så dårlege at ikkje eingong Ferguson klarte å hindre det som skjedde, skriv nettstaden
.The Sun meiner å vite at Ferguson også etter Uniteds 2-0-tap for Everton søndag ba klubben gi Moyes meir tid.
Men både Glazer-familien og andre i styret meinte at nok var nok.
Men United har hatt ein dårleg sesong, og etter at den siste teoretiske sjansen til meisterligaspel komande sesong blei borte sist helg, fekk Moyes sparken. Fjorårsmeisteren og klubben med 20 ligagull er berre nummer sju på tabellen i Premier League.
Moyes sjølv reagerte sterkt på måten United behandla han på, og den engelske managerforeininga er også kobla inn i saka. Dei skal sjå på Moyes' krav om erstatning i lys av måten han vart sparka på fem år før kontrakten gjekk ut.
- Les:
Ifølgje Sky Sports skal United ha handla innafor reglane for New York-børsen ved offentleggjeringa av at Moyes var sparka. Klubbeigarane er amerikanske, og United er notert på børsen i New York.
Der er reglane og straffene for innsidehandel sterke. Derfor offentleggjorde United sparkinga før børsen opna tysdag.
– Hald Roy Keane utanfor United
Spekulasjonane om kven som skal overta United-jobben frå neste sesong går vidare. Ifølgje Daily Mail skal Alex Ferguson gjere alt for å hindre at hans tidlegare spelar Roy Keane skal kome tilbake til klubben.
Keane spela for United under leiinga av Ferguson i 12 år (1993-2005), men har seinare vore svært kritisk til Fergusons leiarstil. Han har hatt fleire sterke utfall mot sin gamle sjef, og har ikkje gjort noko for å lege såra som har oppstått.
I si tid som aktiv var også Keane kjend som "the hard man" som ikkje la noko imellom verken i fysiske eller verbale taklingar.
Men han har manager-erfaring frå andre klubbar, og er no assistenttrenar for Irlands landslag. Dersom Louis van Gaal blir ny United-sjef, er det ikkje usannsynleg at han vil ha Keane med seg i trenarteamet, ifølgje avisa.
Louis van Gaal er i dag nederlandsk landslagssjef.
Sir Alex Ferguson meiner at dei tidlegare spelarane Gary Neville og Ryan Giggs bør vere med i det framtidige trenarteamet som kontinuitetsberarar, og eventuelt framtidige manager-emne.
Borussia Dortmunds trenar Jürgen Klopp har også vore knytta til United-jobben. Men han seier i dag at han ikkje er aktuell.