Jerv var minst på høgde med Viking før pause, og fekk betalt i sluttsekunda av første omgang.
Wilhelm Pepa og Tobias Olsvik spela seg gjennom Vikings forsvar, og førstnemnde avslutta frå 8–10 meter og gav Jerv leiinga i siste minutt før pause.
Jerv var også jamgode med Viking første halvtimen av andre omgang, og heldt greitt unna.
Men så tok kreftene slutt for heimelaget. Viking pressa for utlikninga, og fekk den ved Vidar Nisja fem minutt før cupbomba hadde vore eit faktum.
Og då Martin Ørnskov netta frå kort hald tidleg i første ekstraomgang og gav Viking 2-1, var det meste gjort. Cupbomba kom barre nesten i Grimstad denne kvelden.
Jerv fekk også to raude kort i løpet av to minutt like før sidebytet i ekstraomgangane. Espen Knutsen fekk sitt andre gule og Espen Rasmussen fekk direkte raudt – begg for taklingar. Jerv måtte avslutte med ni mann mot eliteserielaget.
Då vart det lett for Viking, som sette inn 3-1 og 4-1 før kampen var over. Eirik Jakobsen og Vidar Nisja scora.
