Nei, vi snakkar ikkje om familien Flo på 90-talet. Vi snakkar om familien Tehau og Tahiti i Confederations Cup (prøve-VM) i 2013.
Lorenzo og Alvin er tvillingar på 24, Jonathan (25) er ein eldre bror, og Teanoui (20) er fetteren. Alle fire er offensive spelarar - angrep og midtbane - og alle er med i Tahitis tropp til prøve-VM i Brasil i desse dagar.
"Heile landet" kunne fått plass på stadion
Dei fire har ein stor del av æra for at den vesle Stillehavs-staten har nådd så langt. I fjor laga dei ein skrell av dei sjeldne då dei vann Oseania-meisterskapet - ein tittel som elles berre New Zealand og Australia har vunne. (Australia "melde overgang" til Asia i 2006).
Det betyr debut i ei verdsomspennande turnering for den vesle Stillehavsstaten i Fransk Polynesia med berre 180.000 innbyggjarar.
Det vil seie at alle innbyggjarane i landet kunne fått plass på Maracana stadion i Rio – iallfall slik den var før ombygginga på 1990-talet.
Tahiti
i Confederations Cup i Brasil. Kampen går i Mineirao på ei bane med plass til 62.000 tilskodarar. Ingen stadion på Tahiti tek meir enn 10.000.Scora 15 av 20 mål
Der scora Tahiti 20 mål. 15 av dei var kreditert familien Tehau. Ni av scoringane kom i 10-1-sigeren i opningskampen mot Samoa, og alle i familien kom på scoringslista:
- Lorenzo scora fire, derav hattrick på tre minutt
- Jonathan scora to
- Alvin scora to
- Teanoui scora eitt
Alle fire spelar til dagleg i den heimlege amatørligaen på Tahiti, men ikkje i same klubb. Tvillingane Lorenzo og Alvin spelar for Tefana, Jonathan for Tamarii Faa'a, og Teanoui for AS Venus.
Tefana tok sølv i serien i år, Tamarii bronse. Venus enda på sjetteplass av 11 lag i ligaen.
– Mamma er stolt
– Når vi møtest, er vi motstandarar. I fotball er det ingen familie, berre laget du spelar for. Møter du bror din, går du kanskje litt ekstra for å vinne, seier Alvin.
Men familiekjensla er der utanfor klubbkampane. Og når alle fire er på landslaget, er det litt ekstra.
– Mamma er så stolt av å sjå oss tre pluss fetter "Filou" (kallenamnet til Teanoui) på landslaget, seier Alvin.
– Eg er også glad vi er der alle fire. Vi er ei eining innan laget, og det trur eg laget totalt tener på, legg han til.
Det var tilfeldig at dei begynte med fotball. Taekwondo var den dominerande idretten i nærmiljøet. Men det aller nærmaste idrettsanlegget var bana til fotballklubben Tefana. Derfor begynte dei der.
No er dei landslagsstjerner. Alle fire. Ikkje rart at mamma og tante er stolt.
– Lærte mykje av U20
Alle tre brørne er samde om ein ting: At fetter Teanoui er den beste av dei.
– Han er eit stort talent og har framleis karrieren framfor seg. Han kan sjå fram til ei stor framtid, seier Alves.
Lorenzo, Alvin og Teanoui var også med då Tahiti deltok i U20-VM i Egypt i 2009. Jonathan var for gammal.
Der gjekk det ikkje serleg bra for Tahiti. 0-8 mot både Spania og Nigeria og 0-5 mot Venezuela blei fasiten.
Men til VM kjem dei ikkje
– Det var tøft, men vi lærte mykje. Før VM visste vi ikkje kvar vi stod. Men der møtte vi verdsstjerner på eit nivå som var mykje høgare enn vårt, og fekk mange verdfulle erfaringar. Når vi kom heim igjen, var vi mykje sterkare både som menneske mog som fotballspelarar, seier Alvin.
No skal dei vise at dei har vakse. Nigeria, Spania og Uruguay er motstandarar i gruppespelet, og Tahiti er ikkje favorittar i nokon av kampane.
– Vi har nådd eit mål. Alt herfrå blir ein bonus for Tahiti, seier Alvin.
Men VM i Brasil neste år blir iallfall ingen bonus. For i Oseania-kvalifiseringa var New Zealand tilbake i førarsetet, og då var det ikkje plass til nokon andre.