Leiinga i Molde Fotballklubb fekk beskjed om problema med visum tysdag kveld, dermed kunne ikkje Ole Gunnar Solskjær og spelarane hans ikkje lette frå Molde lufthavn Årø klokka 09.00 onsdag som planlagt,
.Mindre tid på russisk jord
Etter planen skal Molde spele returkamp mot russiske Rubin Kazan i kvalifiseringa til europaligaen klokka 17.00 torsdag.
På grunn av at det færøyiske flyselskapet ikkje har fått innvilga visum til det danske mannskapet sitt, vart reisa til moldelaget utsett i fem timar og blåtrøyene landar difor ikkje i Russland før mindre enn 24 timar før kampstart.
– Vi har chartra eit fly, men crewet har ikkje fått visuma stadfesta. Og utan kaptein og styrmann kjem vi oss ikkje til Kazan, seier Molde-direktør Tarje Nordstrand Jacobsen til nettavisa.
Vanskeleg oppgåve
Flyreisa er utsett til klokka 14.00 onsdag, og ifølgje Nordstrand Jacobsen er det ikkje klubben sitt reisefølgje det skal stå på. Alle dei har fått innvilga visum.
– Vi har kontroll på alle våre reisande. Totalt dreier det seg om rundt 50 personar som alle har fått naudsynte stadfestingar frå den russiske ambassaden i Oslo.
Ole Gunnar Solskær sitt mannskap har eit svært vanskeleg utgangspunkt før returkampen. Molde tapte 0-2 heime mot russiske Rubin Kazan i kvalifiseringen til europaligaen 22.august.
Les:
Heimetrening
Sjølv om tida på russisk jord før kampstart vert innskrenka for Molde, trur ikkje klubbdirektøren at dette vil ha noko å seie for førebuingane til kampen.
No måtte laget trene heime og flyge på ettermiddagen i staden for å reise om morgonen og trene i Kazan.
– Skilnaden vert at spelarane ikkje får prøve kamparenaen dagen før, seier Nordstarnd Jacobsen til Rbnett.