– Eg veit jo kor raskt dette går. Eit skot som går i over hundre kilometer i timen kjem veldig hurtig. Det skal vere mogleg å sjå, men kan også vere vanskeleg å få med seg for mållinjedommaren, seier dommar Brage Sandmoen om situasjonen som gjorde at mållinjeteknologi-debatten blussa opp igjen tysdag kveld.
– Ein må rekne med at det er ein viss feilprosent så lenge ein set menneske til å dømme slike situasjonar, seier Sandmoen, som sjølv har vore mållinjedommar i meisterligaen.
På 1–0 til England oppstod dramaet i den eine av EMs to siste gruppespelkampar.
Ukrainas Marko Devic fyrte av eit skot som trefte keeper Joe Hart, og heldt fram med retning mot mål. På linja stod midtstoppar John Terry, som sparka ballen ut igjen.
På streken stod hovuddommar Viktor Kasais assistent, som mellom anna har ansvaret for å sjekke om ballen er over streken eller ikkje.
Han meinte at Devics ball aldri var inne i målet. TV-bileta viste det motsette.
Sjevtsjenko: – Ville ha endra kampen
– Det var ein stor feil av dommaren. Han var veldig nær situasjonen. Målet ville ha endra kampbiletet drastisk, sa Ukrainas toppscorar, Andrej Sjevtsjenko etter kampen.
Med 1–1 og eit offensivt Ukraina på jakt etter scoring nummer to, er det ikkje urealistisk å tenke at vertsnasjonen i gult og blått hadde fått det nødvendige vatnet på mølla til å snu kampen – og med det ta seg vidare i turneringa på kostnad av Frankrike.
Med mållinjeteknologi, som kan bli innført av FIFAs regelkomité om to veker, ville scoringa blitt godkjend.
Ukraina kunne dermed fått ein enklare siste halvtime i jakt på sigersmålet.
Då må ein sjå vekk frå at nesten-målscorar Devic stod i offside då han fekk ballen i overgangen.
Shaktar Donetsk-angriparen skulle difor ha blitt stoppa av linjedommaren lenge før han fekk avslutta.
FIFA-Blatter ikkje i tvil
Men folk skreik tydeleg høgast om det ikkje-godkjende målet, som fekk blågule fans til å rive seg i håret.
Det forstår Sandmoen godt.
– Viss ein får eit godt hjelpemiddel som kan avgjøre om det er mål eller ikkje, er eg open for det. Ein skulle jo tru at dei aller fleste situasjonar blei fanga opp av ein mann som står der, men ein kan altså ikkje unngå ein liten feilprosent, seier Sandmoen.
– Om ein ikkje kan leve med det må ein bare vidareutvikle teknologien, og finne ei løysing som er hundre prosent sikker, legg han til.
Og nettopp det er fotballen på veg mot å finne ut av. Fleire legg ytrar no meiningar om at ein slik teknologi bør komme raskt på plass.
Ein av dei er FIFA-president Sepp Blatter.
«Etter gårsdagens kamp er det ikkje lenger eit alternativ, men ei nødvendigheit,» skriv fotballens mektigaste mann på Twitter.
Han var lenge ein av mållinjeteknologiens største og sterkaste motstandarar.
Men etter at England ikkje fekk godkjent eit mål på stillinga 2-1 til Tyskland under åttedelsfinalen i VM 2010, endra Blatter meining umiddelbart.
Skotet frå midtbanespelar Frank Lampard viste seg nemleg å vere godt over streken, men det fekk ikkje dommaren med seg.
Større sjanse fekk ikkje Lampard og co. til å utlikne til 2-2.
Kampen enda seinare med 4-1 til tyskarane, og VM blei ein fiasko for engelskmennene.
Les meir under biletet...
Platini: – Videodømming er eit feilgrep
Dei orda er ikkje akkurat musikk i øyrene til UEFA-president Michel Platini, som fryktar for slike endringar.
– Blatter vil introdusere den nye teknologien snart, men det heile er eit stort feilgrep, sa Platini på ein pressekonferanse måndag.
– Innføringen vil markere starten på bruk av teknologi i fotballen, la han til, og prøvde å fortelle om kor mykje han fryktar for at sporten til slutt blir alt for teknologisk styrt.
Les meir under biletet ...
Sandmoen: – Kan gjøre det lettare å innføre annan teknologi
Norske Sandmoen er klar på at mållinjedommarens funksjon fungerer godt, og at den ikkje bør fjernast sjølv om videodømming blir innført.
– Å avgjøre om ein ball er over streken eller ikkje, er bare ein del av jobben. Utgangspunktet for innføring av den rolla var å få eit reinare spel innanfor sekstenmeteren. Det viktigaste for vedkommande er å avdekke halding og eventuelle straffesituasjonar, seier han.
45-åringen utelukkar ikkje at innføringa av mållinjeteknologi kan føre til at fleire automatiske løysingar kjem inn i sporten på sikt, som videodømming ved offside.
– Det kan skje. I forkant må ein jo ta den store diskusjonen om ein skal gjøre sporten så klinisk som mogleg, eller om ein kan leve med feilprosenten som alltid er der når menneske dømmer.
PS! England - Ukrainas norske fjerdedommar, Tom Harald Hagen, skriv til NRK.no at han ikkje kan kommentere noko som helst så lenge EM pågår.