– Dette var ganske «ok» for vår del ja, seier Jönsson på spørsmål om han var fornøgd med at Molde og Strømsgodset måtte dele poengene sundag kveld.
Rosenborg-trenaren held tilbake dei store orda, men det er tydeleg at han ikkje er misfornøgd.
For hadde ikkje Jarl André Storbæk utlikna for Strømsgodset like før slutt, hadde Molde gått av banen med tre poeng, og leia tabellen med to poeng på Rosenborg før dei tre topplaga i eliteserien tar til med innspurt om gullet.
Med 1–1 i Drammen tronar Rosenborg øvst på tabellen. Bare målforskjellen gjør dei betre enn Molde, som har like mange poeng som trønderane.
– Vi har fått ein ønskeposisjon
I dei neste to rundane vil kampen om å bli det beste toppdivisjonslaget i 2012 stramme seg til. Då må serieleiaren frå Trondheim ut i to strake bortekampar. Det første i Molde, og det andre på Strømsgodset sitt kunstgras.
– Magekjensla er bra for vår del, seier Jönsson, og held fram:
– Det finst nokon som seier at Molde og Strømsgodset har fordel i dei neste kampane. Dette fordi vi møter dei borte, men det skremmer meg ikkje.
Saka held fram
Scheie: – Rosenborg kan ikkje tape i Molde
NRK-kommentator Arne Scheie trur Rosenborg vil få det tøft dei neste rundane.
– Dei har det vanskelegaste kampprogrammet, med Molde og Godset borte i dei to neste. Dessutan har RBK ein tredje bortekamp mot Hønefoss (siste runde), og berre ein kamp heime.
På førehand er det ikkje godt å seie kven av topprivalane Rosenborg og Molde som vil juble etter møtet neste helg. Molde er det beste heimelaget i eliteserien. Rosenborg, på si side, er det desidert beste bortelaget.
Ein ting er i alle fall klart, ifølgje Scheie.
– Det blir ein nøkkelkamp i Molde. Der kan ikkje Rosenborg tape.
Jönsson: – Derfor vinn vi serien i år
At Rosenborg-nederlag i «Rosenes by» kan bety katastrofe er Jönsson klar over.
Men trenaren lar seg altså ikkje skremme framfor dei avgjørande rundane i eliteserien.
– Vi har vel fått ein ønskeposisjon som vi i starten av sesongen såg fram mot – med tanke på det å kjempe i toppen, seier trenaren.
– Kvifor vinn Rosenborg serien i år?
– Det gjør vi fordi vi har hatt ein klar struktur i spelet i sommar, og då vi skal klare stå distansen ut. Ein styrke for oss er at spelarane har vore gode både fysisk og mentalt. I tillegg er vi gode på bortebane, konkluderer Jönsson.