- Følg kampen: Brann–Sandnes Ulf kl. 19.00
Kanskje kan nettopp desse superkasta kan skake kveldens motstandar, Brann, som blir første laget til å imot Sandnes Ulf i eliteserien.
Kast som corner
Steinthor Thorsteinssons utradisjonelle innkastmetode har allereie blitt ein YouTube-hit i Japan. Over ein million har sett islendingens saltoinnkast, som får ballen til å fly som eit prosjektil inn på banen.
Med går det islendingens veg kan det også bli ein hit i eliteserien denne sesongen.
– Mot Sogndal på La Manga scora vi to gangar etter slike innkast. For oss blir det som ein corner når eg kastar slik, legg han til.
I ein tåkete eliteseriedebut mot Viking blei det lite av dei populære kasta. For sjølv om publikum ropte «salto, salto!» kvar gang Thorsteinsson skulle kaste, lot han seg ikkje overtale.
– Mot Viking forsøkte eg ein gang, men det var vått, så eg kunne ikkje prøve meir. Vi var heller ikkje aggressive nok i feltet til å få så mykje ut av innkastet. Men vi har fått dei til betre tidlegare, seier Thorsteinsson.
– Viktig bidrag offensivt
Trenar Asle Andersen er ikkje i tvil om at Thorsteinssons innkast er eit nyttig tilskot når den nyopprykka Rogalandsklubben skal krige for det som kan bli livsviktige bortepoeng i eliteserien.
– Innkasta er bra angrepsvåpen. Dei er nesten farlegare enn hjørnespark, og blir ein viktig del av vår offensive strategi, seier Andersen.
Og forhåpentlegvis for dei lyseblå vil Thorsteinssons innkast hagle inn i sekstenmeteren, til stor skrekk for rutinerte forsvarsspelarar.
Skjer dette allereie mot Brann, er det ikkje Andersen imot.
– Dødballmål er enkle mål, seier ein. Men dei like viktige som fine mål etter enkeltmannsprestasjonar. Slike angrepsvåpen kan vere bra mot Brann, som er revansjesugne etter tapet mot Rosenborg sist. Dei vil gå ut på Brann stadion for å styre, bestemme og ta tre poeng, seier Andersen.
Thorsteinsson meiner laget må klare å halde tempoet oppe gjennom heile oppgjeret på Brann stadion. Slik kan det gå vegen mot laget som vann ni av 15 heimekampar i serien i fjor.
– Det er viktig å unngå tap. Mot Viking blei vi slitne på slutten, men eg håpar vi held lengre mot Brann, seier mannen med vidunderkastet.
Les meir under biletet!
– «Bare gjør det» om ideen er god nok
Islendingen er på lik linje med lagkameratane godt utrusta fysisk, men har ikkje trengt spesialtrening som turn for å lære innkastvarianten som fascinerer publikum.
– Eg er litt sånn at viss eg får ein god idé, så gjør eg det bare.
Og på denne måten lærte han seg saltoen og flipp-innkastet for rundt ti år sidan heime på Island.
Han var dessutan blant islendingane som for to år sidan fekk mykje merksemd for sine elleville fiskefeiringar.
Han utelukkar ikkje at han kan få med seg nokre av lagkameratane på Sandnes Ulf til tilsvarande feiringar også i år.
Men viktigast er det at dødballvåpenet blir utnytta, først mot Brann i Bergen fredag.