Hopp til innhold

– Fryktar ikkje Flo

Sarpsborg 08-trenar Roar Johansen er ikkje redd sjølv om Tore André Flo får speletid i kampen i morgon. – Me skal spele mot fotballaget Sogndal, ikkje berre fotballspelaren Flo, seier han.

Tore André Flo for Sogndal

Tore André Flo er i troppen mot Sarpsborg 08.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sogndal møter Sarpsborg heime på Fosshaugane Campus søndag klokka 16.00, ein kamp som er livsviktig for Sogndølene. Utan poeng kan luka opp til Viking og Fredrikstad bli på fem poeng.

Men det meste før kampen på søndag har dreia seg om Tore André Flo. 38-åringen har trent med Sogndal den siste veka, og gjorde comeback i Sogndalsdrakta i ein treningskamp mot Førde tysdag. Flo er i troppen mot Sarpsborg 08. Men Sarpsborg 08-trenar Roar Johansen fryktar ikkje om comebacket skal bli eit faktum.

Godt førebudde

Roar Johansen, Sarpsborg 08

Trenar i Sarpsborg 08, Roar Johansen

Foto: Espen Torgersen / NRK

Johansen seier dei er godt førebudde inn mot kampen i morgon.

– Me gler oss. Me har hatt litt ferie der me har fått lada batteria, og so har me trent veldig godt den siste veka, seier Johansen.

Han ser ikkje på det mykje omtala comebacket til Flo som nokon trussel.

– Med all respekt for Flo so trur eg ikkje han kjem til å utgjera ein veldig stor forskjell om han skal spela. Han har vore ein stor spelar før, men eg reknar med at det trengst litt meir enn éi veke med skikkeleg trening for å koma attende i tippeligaform.

Her er troppen:

Kenneth Udjus, Mats Solheim, Vegar Gjermundstad, Even Hovland, Per Egil Flo, Elvis, Ulrik Flo, Espen Olsen, Ole Jørgen Halvorsen, Joe Bendik, Barry Kader, Gustav Valsvik, Ørjan Hopen, Thomas Ness, Isak Scheel, Tore Andre Flo, Eirik Skaasheim