Hopp til innhold

Genistreken som gav England søndagsfotball

Once upon a time: Det var ei tid då søndagsfotball i England var forbode ved lov. Men så kom nokon opp med ein svært kreativ ide som skulle snu opp ned på helgedagsfreden i England.

The Den

Det var her det skjedde: På Millwalls bane The Den vart den aller første ligakampen på ein søndag spela i januar 1974

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

For ei eldgammal lov hindra lenge fotballkampar på søndagar på balløya. Den lova klarte fotballen å snike seg rundt på ein spesiell måte. Og sidan har søndagsfotball vore ein suksess, også i konservative England.

Det er i år tiande året på rad at heile avslutningsrunden i Premier League går på ein søndag.

Og ikkje berre det. Søndagen er også elles i året den store dagen i Premier League. Tv-selskapa plukkar ut storkampane som søndagsunderhaldning. Slikt er det ingen som reagerer på i dag.

Men det fanst eit tid det var ein umogeleg tanke. Og det var ei energikrise som tvinga fotballklubbane til å tenkje kreativt for å kome rundt forbodet.

Går du meir enn 40 år tilbake i tid, var dagens avslutningsrunde i Premier League eit scenario som det knapt var mogeleg å forestille seg. Det var nemleg forbode ved lov å arrangere fotballkampar på søndag i fotballens heimland.

Lov frå 1780

Boxing Day, første juledag, langfredag – då var det OK med fotballkampar. Men aldri på ein søndag.

Årsaka var ei lov frå 1780 (!). "The Sunday Observance Act" slo fast at «Lord's Day» skulle haldast fri for offisielle og kommersielle arrangement.

Lova slo fast at teaterframsyningar og konsertar var ulovlege på søndagar, og sette strenge reglar for opningstidene for pubane. Butikkane skulle halde stengt. Etter kvart som åra gjekk og fotballen kom til som organisert aktivitet, fall også den inn under forbodet – saman med arrangement som til dømes kinoframsyningar.

Derfor var det ikkje spela ein einaste profesjonell fotballkamp på søndagar i løpet av dei første 85 sesongane med ligafotball, eller dei første drygt hundre åra med FA-cup.

Ikkje ein einaste!

Midtausten-krig vart vendepunktet

Flomlys

Årsaka til søndagsfotballen: Energikrisa i Storbritannia førte til forbod mot fotball i flaumlys. Dermed måtte det kreative løysingar til

Foto: Jeff J Mitchell / Reuters Creative

Men hausten 1973 skjedde det noko som skulle snu opp ned på dette.

Fleire arabiske land gjekk til angrep mot Israel 7. oktober. Arabarane var ikkje nøgde med Vestens reaksjon i den såkalla Yom Kippur-krigen , og sette i verk ein merkbar reduksjon av oljeleveransar til vestlege land.

Det gav energikrise og strenge restriksjonar . For Storbritannia var det dessutan ikkje slutt med det: Samstundes gjekk nemleg kolgruvearbeidarane til gå sakte-aksjon, og seinare full streik, den hausten og vinteren.

Dette gjekk hardt ut over el-produksjonen på øyriket. Store deler av næringslivet måtte gå over til tredagars arbeidsveke, tv-stasjonane måtte stanse sendingane sine kl. 22.30, og privathushaldningar måtte tole el-kutt og straumlause periodar kvar einaste dag.

– Dette er omtrent som under krigen, det er berre bombene som manglar, sa ein London-innbyggjar.

Måtte spelast i dagslys

I dette biletet var naturleg nok ikkje fotballen ei prioritert oppgåve. Flaumlys på banene var totalforbode. Kampane måtte spelast i dagslys.

Men midtvinters er det ikkje mykje dagslys på dei britiske øyane. Kampane måtte spelast midt på dagen, og det var mildt sagt lite gunstig for publikumsframmøtet. Spesielt kampane midt i veka. Billettinntektene var alfa og omega for klubbane på den tid, tv-inntektene var enno berre for ei beskjeden biinntekt å rekne.

Publikumssvikten var derfor tung å bere. Ein søknad om å forlenge sesongen til ut i juni, vart avslått. Det skulle vere VM til sommaren. England var rett nok ikkje med der, men Skottland var. Derfor måtte sesongen avsluttast som planlagt.

Kreativt «billettsal»

Millwall-program

Det historiske programmet frå Millwall – Fulham 20. januar 1974 – den aller første søndagskampen i engelsk ligafotball

Foto: Millwall

Gode råd er vanlegvis dyre. Men ikkje her. Tanken om fotball på søndag, når folk hadde fri og kunne gå på kamp også midt på dagen, var nærliggande.

Problemet var at det altså var ulovleg.

Men teksten i lova frå 1780 gav ei opning:

Det var nemleg ikkje ulovleg å spele fotball på søndagar. Begrepet «The Sunday League» hadde eksistert i lang tid, og dreia seg om publag og andre amatørlag som spela fotball i parkar og på opne flater rundt omkring i landet.

Det som var ulovleg, var å ta inngangspengar for arrangement. Ein kamp utan billettsal ville vere lovleg. Men det ville ikkje gi klubbane andre inntekter enn sal i kioskar og pubar.

Og sal av program. Det var her eit lyst hovud såg løysinga:

Dersom du selde program berre ved inngangane, la på prisane tilsvarande billettprisane, og kravde program for å sleppe folk inn. Då ville billetten i prinsippet vere gratis. Kunne det vere ein ide for å kome rundt lovforbodet?

Det kunne det. At prisen på programma varierte etter kva tribuneseksjon du skulle inn på, såg styresmaktene mellom fingrane med. Og FAs generalsekretær Ted Crocker var begeistra for idéen.

«Fotball er ein idrett for alle, og vi bør kunne gi folket det dei vil ha når dei ønskjer det», sa Crocker då han tok imot ideen.

Trykte ikkje opp nok program

Like før jul gav FA grønt lys, og 6. januar spela Cambridge og Oldham den aller første profesjonelle fotballkampen på ein søndag i England nokosinne. Kampen enda 2-2, og 8479 tilskodarar møtte fram på Abbey Stadium i universitetsbyen. Det var med god margin sesongens største tilskodartal for Cambridge United.

Tre andre cupkampar vart også spela den dagen. Nesten 40.000 møtte fram for å sjå Bolton slå Stoke 3-2, dobbelt så mange som Bolton hadde i gjennomsnitt på jheimekampane sine den sesongen. Om alle som kom inn betalte, er det ingen som veit. For Bolton hadde ikkje trykt opp nok program til kampen ...

Søndags-forbodet var brote, trass i den stadig gjeldande lova frå 1780.

Nokre dagar etterpå godtok også The Football League litt motvillig søndagsfotball, og 20. januar klokka 11.30 møttest andredivisjonslaga Millwall og Fulham til den aller første ligakampen på ein søndag.

«Det var neppe tilfeldig at dei la kampen så tidleg på dagen. Dei forstod nok at dette ville skape ekstra merksemd i media», skreiv ein Millwall-supporter i The Guardian når han såg tilbake på denne dagen.

Søndags-suksess

Bilfri søndag 1973

Eit lite apropos: Også i Noreg var oljekrisa vinteren 1973/74 merkbar. Ein konsekvens var forbod mot bilkøyring frå laurdag ettermiddag og resten av helga. Slik såg det ut på Ringveien rundt Oslo ein søndag i desember

Foto: Scanpix / NTB scanpix

Totalt 12 ligakampar vart spela denne søndagen, men alle var i dei tre nedste divisjonane. Først søndagen etter gjekk den første søndagskampen i 1. divisjon – Stoke slo Chelsea 1–0 framfor 32.000 tilskodarar.

Søndags-suksessen heldt fram utover vinteren. Opptil 17 kampar var spela på ein einaste søndag, og det var dei lågaste divisjonane som nytta seg mest av dette. I 4. divisjon gjekk nesten heile serierundane på søndagar utover seinvinteren.

Siste helga i januar spela for sikkerheits skuld Darlington heimekamp både laurdag og søndag. Mot Stockport (1–1) midt på dagen laurdag kom det 1533 tilskodarar, mot Torquay (0–0) midt på dagen søndag kom det 3054 – dobbelt så mange.

Søndagsfotballen heldt det gåande fram til 24. mars. Då varte dagslyset såpass lenge at FA og ligaen sa nei til meir fotball på søndagane.

Arsenal-motstand

Søndags-eksperimentet var likevel ikkje berre tatt godt imot. Arsenal-direktør Bob Wall var den mest negative: «Å spele fotball for å tene pengar på søndag er feil. Vi vil ikkje forstyrre freden og roa i nærleiken av Highbury den dagen», sa han.

Heller ikkje ligaens mektige generalsekretær Alan Hardaker var vidare begeistra for søndagsfotball. Han meinte at det var nyheitsinteressa og manglande konkurranse frå andre kampar i nærleiken som førte til den store publikumstilstrøyminga.

Men han sa likevel under tvil ja til søndagsfotball, på grunn av energikrisa.

Heller ikkje blant spelarane var det berre lovord om søndagsfotball. Nokon snakka halvhøgt om å nekte å spele på ein kyrkjeleg dag.

«Men eg trur ikkje det var den reelle grunnen. Det var ikkje mange av spelarane som vanlegvis gjekk til kyrkje uansett. Eg har ein mistanke om at grunnen var at dei mista sjansen til å gå på byen ein laurdagskveld», skriv bloggaren i The Guardian .

Sju år til neste søndagskamp

Uansett førte motstanden mot søndagsfotball til at eksperimentet ikkje vart vidareført dei neste sesongane.

Men vinteren 1974 hadde vekt interessa for søndagsfotball og vist at det var noko publikum sette pris på.

Det skulle likevel gå sju år før neste søndagskamp vart spela. I mellomtida hadde "The Sunday Observance Act" frå 1780 fått tilført eit par unntakspunkt, som mellom anna tillet både kino, teater og sportsarrangement på "Lord's Day", som søndagen heiter i lovteksten.

15. februar 1981 gjekk neste søndagskamp. Det var Darlington igjen, naturlegvis. 5932 tilskodarar kom og såg 2-2-kampen mot Mansfield.

I 1983 begynte tv-kanalane å flytte kampar til søndag for direktesending. Tottenhams 2-1-siger over Nottingham søndag 2. oktober det året markerte den nye tida.

The rest is history.

Fotball

  • Får ha gummigranulat på Grefsen stadion

    Kjelsås Idrettslag får unntak fra det lokale forbudet mot gummigranulat i nytt kunstgress når Grefsen stadion skal rehabiliteres.

    Arbeiderpartiet og Høyre sikret flertall for Fremskrittspartiets forslag om å gi dispensasjon i bystyret onsdag kveld.

    Partiene mener at alternativene gir dårligere baneforhold vinterstid og viser til at Skeid og Lyn har fått samme unntak tidligere.

    Frps Magnus Birkelund sier at toppfotballen må likebehandles.

    – Når Kjelsås Idrettslag er en del av topp-fotballen må de kunne forholde seg til de samme reglene som andre klubber på tilsvarende nivå, sier politikeren.

    Kunsgressbane med gummigranulat
    Foto: Lars Thomas Nordby / NRK
  • Alle eliteserielagene videre i cupen

    Flere eliteserielag var i trøbbel underveis i cupens andre runde, men samtlige av lagene som var i aksjon onsdag tok seg videre til tredje runde.

    Lillestrøm slapp virkelig med strekken mot Strømmen. Etter at Lillestrøm ledet 5-1 med en halvtime igjen, kom Strømmen voldsomt tilbake og kampen endte 5-4 til Lillestrøm.

    Brann fikk en marerittåpning og lå under 0-1 mot Askøy, og til pause sto det 2-2. I den andre omgangen sikret imidlertid Brann en sikker 5-2-seier.

    Viking lå under 2-3 for 4.-divisjonsklubben Torvastad, men en sen snuoperasjon sørget for 4-3-seier for siddisinene.

    Rosenborg vant 3-1 borte mot Ull/Kisa, Bodø/Glimt vant 2-0 over Junkeren, mens Molde dro i land en sliteseier med 2-1 over Strindheim.

    I tillegg har Tromsø, Kristiansund, KFUM, HamKam, Odd og Strømsgodset tatt seg videre.

    Haugesund og Sandefjord røk begge ut i første runde. Fredrikstad og Sarpsborg 08 spiller først torsdag, mot henholdsvis Eik Tønsberg og Hønefoss.

    I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Eskås ikke blant hoveddommerne i fotball-EM

    Fotballdommer Espen Eskås og hans team er ikke blant de 18 utvalgte som skal fordele de 51 kampene i sommerens fotball-EM mellom seg.

    Eskås og hans kollega Jan Erik Engan er likevel tatt ut til å være fjerdedommer og assistentdommer-reserve, kommer det fram av listen til Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

    Eskås er Norges høyest rangerte dommer. Han har det siste året fått flere oppdrag i mesterligaen og europaligaen, og i fjor sommer dømte han finalen i U21-EM. I sommer skal han dømme i OL.

    Disse dommerne er tatt ut til EM i Tyskland:

    Artur Soares Dias (Portugal), Jesús Gil Manzano (Spania), Marco Guida (Italia), Istvan Kovacs (Romania), Ivan Kruzliak (Slovakia), François Letexier (Frankrike), Danny Makkelie (Nederland), Szymon Marciniak (Polen), Halil Umut Meler (Tyrkia), Glenn Nyberg (Sverige), Michael Oliver (England), Daniele Orsato (Italia), Sandro Schärer (Sveits), Daniel Siebert (Tyskland), Anthony Taylor (England), Clément Turpin (Frankrike), Slavko Vinčić (Slovenia), Felix Zwayer (Tyskland).

    Også Facundo Tello fra Argentina skal dømme i EM. Det er en del av et samarbeid mellom Uefa og det søramerikanske fotballforbundet (Conmebol). (NTB)

    Espen Eskås dømmer Lyn mot Vålerenga på Ullevaal
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Bellingham senket Barcelona i El Clásico på overtid

    Barcelona tok ledelsen to ganger i El Clásico, men det gikk mot 2-2 og status quo i gullkampen i La Liga inntil Jude Bellingham ga Real Madrid seieren.

    Det skjedde på overtid og på pasning fra Lucas Vázquez, som var involvert i alle de tre hjemmemålene på en dag da seriegullet i praksis ble sikret.

    Lucas Vázquez og Vinicius Junior samarbeidet om to utligningsmål tidligere i kampen, og Real Madrid økte med seieren sitt forsprang til serietoer Barcelona til hele elleve poeng når seks serierunder gjenstår. (NTB)

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Manchester City v Real Madrid
    Foto: Molly Darlington / Reuters
I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland