Hopp til innhold

Han scora det aller første for 50 år sidan

Det tok lang tid før Tyskland fekk sin Bundesliga. Men det tok berre 58 sekund før den første scoringa kom.

Timo Konietzka

Timo Konietzka står i historiebøkene som tidenes første målscorar i Bundesliga

Foto: GEORG GOEBEL / Afp

Paul Breitner og Kevin Keegan

Hårfint på 70-talet: Bayerns Paul Breitner i diskusjon med Hamburgs Kevin Keegan

Foto: Lutz Bongarts / Bongarts/Getty Images

Laurdag er det 50 år sidan den aller første serierunden i det som no er den tredje beste ligaen i verda. 24. august klokka 17.00 gjekk avsparket for dei første åtte kampane .

58 sekund seinare sat ballen i nettet for aller første gong. Timo Konietzka vart den aller første målscoraren i den nye ligaen. Til enorm jubel frå tilreisnade fans sende han Borussia Dortmund i leiinga mot Werder framfor 32.000 tilskodarar på Weserstadion i Bremen.

Dortmund tapte til slutt 3-2 rettnok. Men Konietzka var i historiebøkene for å bli. Då han døydde i mars i fjor, vart det markert under kampen mellom dei same to laga som tilfeldigvis møttest nokre få dagar seinare.

Artikkelen held fram under biletet.

Minnestund for Timo Konietzka

Her minnest spelarane frå Werder Bremen og Borussia Dortmund Konietzka få dagar etter hans død

Foto: Lars Baron / Bongarts/Getty Images

Meidericher til topps

Den aller første tabelleiaren i Bundesliga var ein klubb med namnet Meidericher Sportverein. Klubben endra fire år seinare namnet til det meir kjende MSV Duisburg, som i dag spelar i 3. liga.

Den tyske Bundesligaen er ein tungvektar i europeisk fotball, men det var ein av dei siste landsomfattande ligaene som vart etablert. Laurdag er det 50 år sidan starten.

Men kvifor var det ikkje ein nasjonal liga i Vest-Tyskland langt tidlegare? I 1963 hadde nesten alle andre vesteuropeiske land sine ligaer - Noreg fekk forresten sin det same året, og starta fire månader før dei begynte i Vest-Tyskland.

Verdskrigar og proffmotstand

Det låg ein lang og hard kamp bak etableringa av Bundesliga. Øydeleggingane og gjenoppbyggingane av landet under og etter dei to verdskrigane er mykje av grunnen til det. Men ikkje heile.

Motstanden mot proff-fotball var nemleg svært sterk i Tyskland. Og då nazistane overtok styret i Tyskland i mellomkrigstida, vart profesjonell fotball forbode ved lov.

For amatørklubbar var det uråd å reise til kampar på kryss og tvers over heile landet. Det hadde dei verken tid eller råd til. Derfor vart det spela regionale ligaer, der vinnarane spela sluttspel for å kåre seriemeisteren.

I 1949 vart proff-fotball lovleg i Vest-Tyskland. Men oppbygginga av landet etter den andre verdskrigen sette stramme grenser, og fotballmeisteren vart framleis kåra gjennom sluttspel mellom dei regionale vinnarane.

VM-fiasko var startskotet

Bundesliga

Målrike kampar i dei første sesomngane i Bundesliga. Her frå ein vinterleg kamp mellom Braunschweig og Nürnberg

Foto: Lutz Bongarts / Bongarts/Getty Images

Først etter Vest-Tysklands smertefulle exit i kvartfinalen i VM i 1962 - ein fiasko for vesttysk landslagsfotball - innsåg fotballeiarane at det var på tide med ein landsomfattande liga.

28. juli det året vart Bundesliga vedteken, og i august året etter starta den. Kampane den første sesongen samla over 40.000 tilskodarar i gjennomsnitt.

46 klubbar søkte om å få vere med, 16 vart valde ut. Det mest oppsiktsvekkjande - sett frå ettertida - er at Bayern München ikkje var blant desse. Dei kom med i 1965, og har sidan vunne ligaen 22 gonger - første gongen i 1969.

Dei neste på lista er Borussia Mönchengladbach og Borussia Dortmund med 5 ligatitlar kvar.

(Her kan det nemnast at Dynamo Dresden krev andreplassen med sine 10 Oberliga-titlar i det tidlegare Aust-Tyskland då Tyskland var delt. Men det kravet er avvist).

Tyske tippekampar på NRK

Den norske interessa for tysk fotball var lenge liten. Men etter at nordmenn tok til å spele i tyske klubbar på 80-talet, auka den. Samstunde markerte ligaen seg som ein med mange scoringar, i motsetnad til den engelske, der det var mange målfattige kampar.

Det førte også til at NRK sende tippekampar frå Tyskland nokre sesongar, som alternativ til dei tradisjonelle engelske. Til protestar frå den harde kjerne av tilhengarar av engelsk fotball, som ville ha tippekampane for seg sjølve.

Tyskland (Vest-Tyskland frå 1951 til 1990) har alltid vore ei fotballstormakt, og på 50-årsdagen er Bundesliga rangert som den tredje beste ligaen i verda, etter Premier League i England og La Liga i Spania.

Etter berre to år vart Bundesliga utvida frå 16 til 18 klubbar. Det har det vore sidan, bortsett frå ein sesong (20 klubbar i 1991-92) då klubbane frå det gamle Aust-Tyskland kom med i ligaen.

I dag er alle dei tre øvste nivåa i Tyskland samla i landsomfattande avdelingar. 2. Bundesliga vart ei avdeling i 1980, etter å ha vode i to avdelingar frå 1974. Og i 2008 vart også 3. Liga oppretta. Først frå nivå 4 er det regionale avdelingar i tysk fotball i dag.

Fotball

  • Får ha gummigranulat på Grefsen stadion

    Kjelsås Idrettslag får unntak fra det lokale forbudet mot gummigranulat i nytt kunstgress når Grefsen stadion skal rehabiliteres.

    Arbeiderpartiet og Høyre sikret flertall for Fremskrittspartiets forslag om å gi dispensasjon i bystyret onsdag kveld.

    Partiene mener at alternativene gir dårligere baneforhold vinterstid og viser til at Skeid og Lyn har fått samme unntak tidligere.

    Frps Magnus Birkelund sier at toppfotballen må likebehandles.

    – Når Kjelsås Idrettslag er en del av topp-fotballen må de kunne forholde seg til de samme reglene som andre klubber på tilsvarende nivå, sier politikeren.

    Kunsgressbane med gummigranulat
    Foto: Lars Thomas Nordby / NRK
  • Alle eliteserielagene videre i cupen

    Flere eliteserielag var i trøbbel underveis i cupens andre runde, men samtlige av lagene som var i aksjon onsdag tok seg videre til tredje runde.

    Lillestrøm slapp virkelig med strekken mot Strømmen. Etter at Lillestrøm ledet 5-1 med en halvtime igjen, kom Strømmen voldsomt tilbake og kampen endte 5-4 til Lillestrøm.

    Brann fikk en marerittåpning og lå under 0-1 mot Askøy, og til pause sto det 2-2. I den andre omgangen sikret imidlertid Brann en sikker 5-2-seier.

    Viking lå under 2-3 for 4.-divisjonsklubben Torvastad, men en sen snuoperasjon sørget for 4-3-seier for siddisinene.

    Rosenborg vant 3-1 borte mot Ull/Kisa, Bodø/Glimt vant 2-0 over Junkeren, mens Molde dro i land en sliteseier med 2-1 over Strindheim.

    I tillegg har Tromsø, Kristiansund, KFUM, HamKam, Odd og Strømsgodset tatt seg videre.

    Haugesund og Sandefjord røk begge ut i første runde. Fredrikstad og Sarpsborg 08 spiller først torsdag, mot henholdsvis Eik Tønsberg og Hønefoss.

    I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Eskås ikke blant hoveddommerne i fotball-EM

    Fotballdommer Espen Eskås og hans team er ikke blant de 18 utvalgte som skal fordele de 51 kampene i sommerens fotball-EM mellom seg.

    Eskås og hans kollega Jan Erik Engan er likevel tatt ut til å være fjerdedommer og assistentdommer-reserve, kommer det fram av listen til Det europeiske fotballforbundet (Uefa).

    Eskås er Norges høyest rangerte dommer. Han har det siste året fått flere oppdrag i mesterligaen og europaligaen, og i fjor sommer dømte han finalen i U21-EM. I sommer skal han dømme i OL.

    Disse dommerne er tatt ut til EM i Tyskland:

    Artur Soares Dias (Portugal), Jesús Gil Manzano (Spania), Marco Guida (Italia), Istvan Kovacs (Romania), Ivan Kruzliak (Slovakia), François Letexier (Frankrike), Danny Makkelie (Nederland), Szymon Marciniak (Polen), Halil Umut Meler (Tyrkia), Glenn Nyberg (Sverige), Michael Oliver (England), Daniele Orsato (Italia), Sandro Schärer (Sveits), Daniel Siebert (Tyskland), Anthony Taylor (England), Clément Turpin (Frankrike), Slavko Vinčić (Slovenia), Felix Zwayer (Tyskland).

    Også Facundo Tello fra Argentina skal dømme i EM. Det er en del av et samarbeid mellom Uefa og det søramerikanske fotballforbundet (Conmebol). (NTB)

    Espen Eskås dømmer Lyn mot Vålerenga på Ullevaal
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Bellingham senket Barcelona i El Clásico på overtid

    Barcelona tok ledelsen to ganger i El Clásico, men det gikk mot 2-2 og status quo i gullkampen i La Liga inntil Jude Bellingham ga Real Madrid seieren.

    Det skjedde på overtid og på pasning fra Lucas Vázquez, som var involvert i alle de tre hjemmemålene på en dag da seriegullet i praksis ble sikret.

    Lucas Vázquez og Vinicius Junior samarbeidet om to utligningsmål tidligere i kampen, og Real Madrid økte med seieren sitt forsprang til serietoer Barcelona til hele elleve poeng når seks serierunder gjenstår. (NTB)

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Manchester City v Real Madrid
    Foto: Molly Darlington / Reuters
I cupens andre runde møtte Strømmen eliteserielaget Lillestrøm. Da disket Eirik Åsvestad opp med scoring fra egen banehalvdel.
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland