– Det er ei avslappa og fin stemning, samstundes som ein ser i blikket på spelarane at dei er veldig fokuserte på oppgåva, seier Bryne-trenar Gaute Larsen.
I kveld skal laget hans møta Lillestrøm i cupens fjerde runde.
- Lillestrøm–Bryne klokka 18.00
- Les òg:
– Lillestrøm svakare enn Viking
Larsen meiner at heile laget er svært gira på siger i dag, sjølv om det nok ikkje er like lett å motivera seg, som før lokaloppgjeret mot Viking i førre runde i cupen.
– Me hadde ei svært positiv oppleving på Viking stadion, i dag må me opp på same nivå som me var då. Greier me det har me gode moglegheiter til å slå Lillestrøm.
Trenaren ser på Lillestrøm som ein svakare motstandar enn Viking.
– Viking i Stavanger er noko av det tøffaste ein kan få i norsk fotball. Lillestrøm er heller ikkje eit dårleg lag, sjølv om dei har slite ein del med skadar, seier Larsen.
- Les òg:
– Ekstra motiverte
At Lillestøm ikkje har klart seg betre enn ein 9. plass på tabellen før ferien, gjer at motstanden kan bli ekstra hard trur Larsen.
– Det er nok cupen som gjeld for Lillestrøm nå, så dei gjer nok absolutt alt i dag. Alt er duka for at det blir eit morosamt oppgjer, eg håper på stort publikumsoppmøte og god cupstemning.
Sjølv trur han at den giftige spissduoen sin, Khalili (6 seriemål og 2 cupmål) og Skartun (6 seriemål og 3 cupmål), skal sørgde for at Bryne får mål på Åråsen. Dersom Anders Kristiansen i tillegg held fram i den gode steamen sin mellom stengene, meiner trenaren at det kan bli bra.
– Når ikkje Viking klarte det, må me gjera det
– Eg vil tippa at me vinn 2–1 i dag. Dersom det skjer ville det vore ekstra fint å koma heim til Jæren. Eg vil også tru at me då er garanterte at kvartfinalen blir spelt på heimebane, seier han.
Erik Mjelde, som truleg spelar for start for Lillestrøm i kveld, er ikkje urolege for spådommane til Larsen.
– Bryne har vist at dei kan slå eliteserielag, men eg meiner at det ikkje skal vera mogleg i dag. Eg møtte Bryne i vinter, og det er eit lag som Viking skulle ha slått, men då får me gjera det i staden, seier Mjelde til LSK.no.
Slik starter Bryne i kveldens kamp:
- Målvakt: Anders Kristiansen
- Forsvar: Vegard Landro, Tommy Eide Møster, Marius Lode og Rogvi Baldvinsson
- Midtbane: Sabri Khattab, John-Helge Tveita, Henrik Breimyr og Håvard Urstad
- Angrep: Aram Khalili og Oddbjørn Skartun