Hopp til innhold

Botnlaus gjeld - men tre av fire i Madrid vil ha OL

Madrid er nedsylta i gjeld. Den vil dei få bukt med ved å arrangere sommar-OL. – Det treng vi meir enn nokosinne, seier presidenten i den spanske OL-komiteen. I kveld kan dei få tildelt OL i 2020.

Istanbul, Madrid og Tokyo er kandidatene som jakter sommer-OL i 2020. De har laget disse tre videoene som skal bidra til å overbevise Den Internasjonale Olympiske Komité om at nettopp deres by er det beste stedet å legge lekene.

Sjå presentasjonsvideoane frå alle tre søkjarbyane til OL 2020

Madrid er ein av tre søkjarbyar, og klokka 22 i kveld får dei vite om dei får tilslaget. IOC tek avgjerda på kongressen sin i Buenos Aires.

Og der ligg Madrid an til å vinne, skriv El Mundo , som også namngir dei som avisa meiner har bestemt seg for OL i den spanske byen.

– Det ser nok ut til at dei kan få tilslaget, seier Wolfgang Männing, ein økonomiprofessor ved universitetet i Hamburg. Han byggjer like mykje på problema som konkurrentane har, som på Madrid sine fordeler når han trur den spanske hovudstaden blir arrangør.

"Lågkostnads-OL" til 31 milliardar

Lionel Messi

Talsmann for OL i Madrid: Barcelonas argentinske stjerne Lionel Messi

Foto: HANDOUT / Reuters

Madrid kallar det lågkostnads-OL. 31 milliardar kroner reknar dei med det skal koste – tredjeparten av det OL i London i fjor kosta. Då legg dei opp til omfattande bruk av eksisterande idrettsanlegg i den spanske hovudstaden.

Byen Madrid har ei gjeld på 57 milliardar kroner. Med nabokommunane i Stor-Madrid er gjelda over 170 milliardar, og nasjonen Spania har ei samla gjeld på 7375 milliardar kroner. Det svarar til 88 prosent av Spanias samla bruttoinntekter.

Fire av fem spanjolar vil ha OL

Likevel ser folket fram til å få organisere eit OL i 2020. 76 prosent av folket i Madrid er for, 81 prosent i heile landet, ifølgje ei meiningsmåling IOC har fått gjennomført.

– Dei fleste investeringane er allereie gjort. Vi treng ikkje snu byen opp ned med arbeid overalt, slik andre må gjere, seier økonomiprofessor ved universitetet i Barcelona, Juan Maria Gay de Liebana.

Søkjarane påpeikar at 28 av dei 35 arenaene som skal til, allereie finst. Berre fire nye permanente anlegg må byggjast. Det inkluderer ein olympisk landsby som uansett skal nyttast til kommunale bustader etterpå.

Trur OL vil revitalisere økonomien

Prognosane seier at om Madrid får leikane, vil det skape 83.000 fulltidsjobbar.

– Eg er overtydd over at OL vil revitalisere økonomien vår, seier Madrids borgarmeister Anna Botella til avisa El Pais.

Ikkje alle er likevel like overtydde om det.

– Det er sjølvsagt eit pluss dersom du har råd til det, og om du har klar infrastrukturen. Men fordi vi ikkje anar kvar spansk økonomi er på veg i 2020, er det uråd å seie noko om det, seier den uavhengige økonomieksperten Edward Hugh.

– Spania treng OL meir enn nokosinne

Spain Financial Crisis

Dette er kvardagen for meir enn kvar fjerde arbeidsføre spanjol: Besøk på det lokale arbeidskontoret. – Derfor treng vi OL meir enn nokosinne, seier ein av dei

Foto: Paul White / Ap

Spansk økonomi har gått nedover i meir enn to år. Det merkast på arbeidsløysa, som no er på nesten 27 prosent.

– Derfor treng vi OL meir enn nokosinne. Det vil skape jobbar og ikkje minst optimisme – det betyr mykje for oss unge, seier 23 år gamle Diego Casada til telegrambyrået AFP.

Søkjer for fjerde gong

Madrid konkurrerer med Tokyo og Istanbul om sommar-OL i 2020. Tre gonger tidlegare – 1972, 2012 og 2016 – har dei søkt og tapt i kampen om OL. På kongressen i København for fire år sidan tapte Madrid for Rio i den siste og avgjerande runden.

No håpar dei på at det skal snu på det fjerde forsøket.

(Artikkelen held fram under biletet):

2020-ol-kandidatene

Det går mot hard og jamn kamp om sommar-OL om sju år

Foto: Daniel Kopatsch / Getty Images

- Røystar med hjartet

– IOC-medlemmene røystar med hjartet, ikkje med hovudet, seier IOCs medlem i Noreg, Gerhard Heiberg, til telegrambyrået Ap.

– Dei vil sjå på presentasjonane og røyste der og då, utan å tenkje på at OL ikkje skal arrangerast før om sju år.

Radioaktivitet og borgarkrig

For Madrids konkurrentar slit med sitt. Tokyo jobbar iherdig med å tone ned frykta for radioaktiv lekkasje frå atomreaktoren Fukushima. Det ligg langt unna den japanske hovudstaden, men det lek framleis radioaktivt vatn frå reaktoren som vart øydelagt av jordskjelvet og den etterfølgjande tsunamien i mars 2011.

– Men mengda av radioaktiviteten er så liten at det ikkje har betydning, seier Tsunekazu Takeda, leiaren for OL-prosjektet i Tokyo. Han strevar iherdig med å understreke at dette ikkje skal bety noko for tryggleiken i byen.

Men tvilen er der, og kan påverke røystinga laurdag.

Borgarkrig og politivald

Istanbul har andre problem. For det første gir borgarkrigen i nabolandet Syria og flyktningstraumen derifrå usikre signal om kva som vil skje i landet i framtida. Det kan gi IOC-delegatar grunn til å stusse på om Istanbul er rette staden å velje akkurat no.

Det tel heller ikkje til Tyrkias og Istanbuls fordel at dei brukte hardhendt makt mot store folkemengder som demonstrerte mot utbygging av ein populær park i byen tidleg i sommar. Det heile utvikla seg til gateslagsmål og stygge tv-bilete som gjekk verda rundt.

– Eg trudde på Istanbul heilt til opptøyane i sommar. Men det øydela. Og frykta for radioaktivitet i Japan skremmer også mange, seier professor Wolfgang Männing til Huffington Post.

Spansk avis: Heiberg støttar Madrid

Gerhard Heiberg

Gerhard Heiberg står på lista over dei som avisa El Mundo meiner har bestemt seg for å røyste på Madrid

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

Det blir intens lobbyverksemd i Buenos Aires i dei siste dagane og timane. Men den spanske avisa El Mundo meiner å ha funne ut at 50 namngitte IOC-medlemmer vil gje si stemme til Madrid.

Mellom dei skal Gerhard Heiberg vere, ifølgje avisa.

– Om vi trekkjer frå 20 prosent som kan kome til å ombestemme seg i siste liten, har Madrid likevel 40 røyster inne. Det bør vere godt nok, meiner avisa, rett før avgjerda fell.

Avisa meiner også å vite at 14 er klart negative til Madrid. Dei siste 33 er usikre.

"Avsløring" kan slå tilbake

Men ei slik avsløring kan slå tilbake. Røystinga er hemmeleg, og avisoppslaget kan få IOC-medlemmer til å skifte meining.

I 2005 gjorde den franske avisa Le Parisien noko liknande. Det skapte reaksjonar, og i røystinga tapte storfavoritten Paris for London i kampen om OL 2012.

Avgjerda fell seint laurdag kveld. Klokka 22.00 skal avtroppande IOC-president Jacques Rogge kunngjere kvar OL om sju år skal gå av stabelen.

PS: Barcelona – som arrangerte OL i 1992 – har sagt at dei vil søkje om vinter-OL i 2022 dersom Madrid ikkje vinn kampen om sommar-OL 2020. Vinn Madrid laurdag, er dermed ein av Oslos konkurrentar om 2022-OL borte.

Siste nytt

  • Vellykket operasjon for Van Aert

    Sykkelstjernen Wout Van Aert var torsdag gjennom en vellykket operasjon etter at han ødela kragebeinet i endagsrittet Dwars door Vlaanderen.

    Det skriver belgierens lag, Visma Lease a Bike, i egne mediekanaler.

    – Det er uklart når Wout vil være tilbake på sykkelsetet igjen. Han går glipp av vårens klassikere, og deltakelsen i Giro d'Italia er fortsatt usikker. På vegne av Wout takker vi for all støtte, heter det i meldingen.

    Skaden gjør at prestisjerittene Flandern rundt, Paris-Roubaix, Amstel Gold Race, La Fleche Wallonne og Liege-Bastogne-Liege går uten belgieren.

    Med om lag sju mil igjen av onsdagens ritt veltet flere store profiler, blant dem Van Aert. TV-bildene viste en svært forslått og preget belgier der han satt i veikanten før han ble hentet av sykebilen. (NTB)

  • Tonali siktet for ytterligere 50 brudd på gamblingreglene

    Det engelske fotballforbundet (FA) har siktet Newcastle-spiller Sandro Tonali for 50 brudd på Premier Leagues gamblingregler i tidsrommet 12. august til 12. oktober i fjor.

    Det skriver FA i en pressemelding torsdag. Tonali har fram til 5. april på å respondere på siktelsen.

    Newcastle skriver i en melding på egne hjemmesider at de er gjort kjent med siktelsen. De skriver at Tonali har klubbens fulle støtte i etterforskningen. Utover det ønsker verken Newcastle eller Tonali å kommentere saken.

    I oktober i fjor ble italieneren utestengt fra all internasjonal fotball i ti måneder for brudd på gamblingreglene i Italia. Han ble hentet til Premier League fra Milan sommeren 2023.

    FA mener at Tonali satset penger på fotballkamper 50 ganger i perioden fra nettopp Premier League-åpningen og fram til 12. oktober, samme dag som han ble avhørt om regelbruddene fra italiensk fotball.

    Hans foreløpig siste opptreden i Newcastle-drakten kom hjemme mot Borussia Dortmund i Champions League 25. oktober. Da fikk han 25 minutter som innbytter. (NTB)

    Premier League - Newcastle United v Crystal Palace
    Foto: LEE SMITH / Reuters
  • KFUM henter angrepsspiller fra Åsane

    Mame Mor Ndiaye (26) forlater Bergen og Åsane til fordel for nyopprykkede KFUM Oslo, melder BA. Sist sesong gjorde han ni mål i 1. divisjon.

    Ndiaye bekrefter selv til Bergensavisen at overgangen er i boks.

    – Det er vondt å dra fra klubben nå, men det er dette jeg har jobbet for å få til. Ønsket mitt har hele tiden vært å få sjansen i eliteserien, forteller 26-åringen til BA.

    (NTB)

    FOmDNHw_B34
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal