Resultatet inneber at Norge no er berre fire poeng bak Kroatia før Bulgaria-kampen. Og det er nettopp Kroatia Norge skal møte på Ullevaal søndag kveld.
Blir det eitt poeng eller tre for det norske laget i Bulgaria i kveld, er Norge dermed med i kampen om ein av dei to plassane som gir direkte plass i EM i Frankrike neste sommar.
Kroatia hadde det aller meste av både spelet og sjansane i kampen i Baku. Mellom anna skaut Juventus-spissen Mario Mandzukic rett på keeper frå seks-sju meter i dei siste minutta.
Men kroiatane makta aldri å utnytte sjansane sine. Aserbajdsjan heldt nullen, slik dei også gjorde på Ullevaal tidlegare i år.
Real Madrid-spissen Mateo Kvacic fekk også sitt tredje gule kort og må stå over kampen på Ulleval.
Seinare i kveld skal også Italia møte Malta. Med siger der vil Italia overta tabell-leiinga.