Han er akkurat heimkomen frå eit strålande Europamesterskap for U21 i Israel. Store klubbar i utlandet fekk auga opp for han, då han storspelte mot Spania.
I dag blir han i italienske aviser samanlikna med tidlegare storkeeparar og linka til Serie A-klubben AS Roma. Men keeperhelten bryr seg ikkje om spekulasjonane.
– Det som står i media får berre stå der. Eg tenkjer ikkje på det, seier Ørjan Håskjold Nyland.
LES OGSÅ:
Ny i Tippeligaen
Moldekeeperen frå Volda vil heller trekkje fram den solide lagprestasjonen og det utrulege han har vore med på.
Hans store mål var å gjere det bra under EM. Det å kome til semifinalen og ta
bronse var han veldig nøgd med. Personleg har han ikkje ofra kva som måtte kome av tilbod ein tanke.
– No er eg tilbake i Molde og har fått trent mi første økt på fleire dagar. Eg har akkurat kome hit og har berre seks kampar i Tippeligaen, seier keeperen og bles av det heile.
Han trenar hardt for å få flest mogleg kampar for Molde.
Nyfødd baby
Og heime er det ein nyfødt krabat som har gitt keeperen heimlengsel. Berre ei veke før han drog av garde til EM vart han pappa til ein liten gut. No er sonen blitt ein månad gamal.
– Det har nesten ikkje gått opp for meg at eg har blitt far. Det var godt å kome heim til familie og bleieskift, seier Ørjan Håskjold Nyland.