«Vi finner frem gullramma!» sa TV2s übereuforiske Jon Hartvig Børrestad, som rekna med målkalas på Lerkendal. Slikt vart det ikkje. Strømsgodset var fullt på høgde med Rosenborg og tok eit fortent poeng på bortebane.
Viss dommarteamet hadde gjort jobben sin og annullert det første målet for offside, kunne Godset til og med teke full pott. Det ville i så fall blitt første SIF-triumf på Lerkendal sidan 2007 – den einaste gongen RBK har tapt heime mot SIF i historia.
Ustoppeleg intensitet
For det var ikkje berre den gode serieopninga i 2015 som gjorde Rosenborg til favorittar før kampen. Dei hadde slått Strømsgodset heile 20 gonger av 26 mulege på Lerkendal, og hadde dessutan scora mot SIF i 28 kampar på rad før kveldens oppgjer.
Då Tobias Mikkelsen gav Rosenborg leiinga allereie i det 6. minutt, såg alt ut til å vere i tråd med manus. For viss det er éin ting Roseborg har vore gode på i sesongstarten, så er det å ruse ut av startblokkene og overrumple motstanderlaget. Dei har scora i løpet av dei første 20 minutta i alle kampane, og mot Aalesund og Godset kom det første målet svært tidleg.
Dei tidlege måla har gjeve RBK styring og kontroll, ettersom motstandarlaga har vorte tvinga til å spele etter deira pipe. Og det osar kvalitet av Rosenborg-pipa i år. I dagens kamp var Ole Selnæs framragande: Ballsikker og dyktig til å tre ballen gjennom på rett tidspunkt. Viss han held fram slik, kjem han til å etablere seg som ein av landets beste midtbanespelarar.
Som ein kobra
Det er alltid lurt å score i fotball, tidleg så vel som seint. Men ein tilleggsfordel ved dei tidlege scoringane for Rosenborg sin del, er at den hissige opninga har kamuflert ei eventuell mangelfull evne til å angripe mot etablert forsvar. Dei har vore som ein kobra, som har slått til før byttedyret skjønte kva som skjedde.
Men i kveld møtte dei for første gong eit lag som ikkje let seg vippe av pinnen, men som snarare tilrana seg initiativet utover kampen. Utover i andre omgang, då heimelaget fekk betale for slitne bein etter den intense opninga, måtte RBK danse etter godset si pipe. Symptomatisk nok forsvann Selnæs meir ut av spelet, medan Mohammed Abu regjerte sentralt for SIF.
Avslørt og avkledd
Rosenborg har for all del gjennomført ei fin serieopning. Éin smått skuffande heimekamp snur ikkje på det. Ein skal ikkje gløyme at dei i kveld tangerte rekorden for flest scora mål over dei tre første kampane. Men Kåre Ingebrigtsen har definitivt fått noko å tyggje på, for alt tyder på at dei to første kampane ikkje var representative for det reelle nivået i eliteserien.
Anten er både Haugesund og Aalesund seriøse dumpekandidatar, eller så underpresterte dei mot Rosenborg. Begge har produsert få mål, få poeng, og hatt lite flyt i spelet til no i sesongen. Aalesund har sjansen til å snu trenden i morgon, men det verkar lite sannsynleg at dei skal klare det i derbyet på Aker stadion, der Molde har vunne dei seks siste gongene.
Den største forskjellen er likevel at Rosenborg for første gong møtte eit lag som kunne utfordre dei skikkeleg på midtbanen. Haugesund og Aalesund speler 4-4-2, noko som gav Selnæs & co eit betydeleg overtak. SIF, derimot, speler 4-2-3-1, og utlikna dermed det matematiske fortrinnet til RBK.
Gir frå seg mykje rom
I tillegg var SIF i stand til å spele ball – ikkje berre kontre – og det gav RBK-forsvaret andre oppgåver å løyse samanlikna med dei to første kampane.
«Rosenborg holder balansen ett hundre prosent», sa Lars Tjærnås like før kampstart. Men det gjer dei eigentleg ikkje. I løpet av kampen kom det nemleg for ein dag, i tråd med analysen til min kollega Eivind Bisgaard Sundet etter Aalesund-kampen, at RBK har ein tendens til å gi frå seg mykje rom ved balltap.
Alt anna enn balansert
Dette kjem som ein konsekvens av at indreløparane Midtsjø og Jensen ofte går tidleg på løp. I denne kampen storma også Selnæs framover ved fleire høve. Det var faktisk alt anna enn balansert til tider, som midtvegs i første omgang, då Hamoud fossa fram med eit hav av rom å springe i. Det same skjedde like etterpå, då eit innlegg frå Wikheim vart stoppa i siste liten. Heroisk forsvarsspel kan neppe redde RBK i kvar einaste kamp.
Hadde midtspiss Thomas Sørum tima løpa sine betre, kunne det fort stått 1-1 til pause på Lerkendal. Og viss ikkje kontringsdyktige Lars-Christopher Vilsvik hadde vore ute med skade, kunne SIF ha utnytta dette fortrinnet endå betre. Det spørs om RBK slepp like billig unna neste gong, med mindre dei klarer å finne ei betre løysing på løpsfordelinga på midtbanen.
Å sementere eller rotere
Kampen var ikkje berre eit oppgjer mellom to ulike formasjonar, men også mellom to ulike fotballkulturar. I RBK handlar det om fast førsteellever, fast spelemønster, faste trekk på dødball: tre faste ingrediensar i suksesshistoria om Noreg under Drillo og RBK under Eggen på 90-talet. Det fungerte til tusen, men vi lever ikkje på 90-talet lenger. I internasjonal toppfotball har fleksibilitet i stor grad teke over for ein fasttømra spelestil, med Pep ”Sir Mix-a-lot” Guardiola som pioneren.
I sterk kontrast til dette har du SIF under David Nielsen, som har rokert mykje på laget i oppkøyringa til årets sesong. Det gav mange gode resultat i treningskampane, men i serien har laget virka nølande og usikkert. Det er kanskje symptomatisk at Mounir Hamoud ikkje ein gong visste om han skulle halde fram i klubben før sesongstart. Til no har han starta alle kampane.
Rotasjon vil naudsynsvis bety at laget treng meir tid til å sette seg. Etter alt å døme er SIF på god veg mot å oppnå dette. Samtidig har dei fordelen av å kunne endre spelet, slik dei gjorde då Øyvind Storflor og Peter Kovács kom inn i andre omgang. Begge bidro med andre kvalitetar enn dei to som gjekk ut (Kastrati og Sørum), og det endra kampbiletet til fordel for SIF.
For RBK, med sine statiske roller, er det opplagt ei stor ulempe når dei ikkje får kampen inn i sitt spor. Dei hadde sine sjansar i begge omgangane, men virka rådville då SIF hadde utlikna. Sjølv om både Selnæs og Mikkelsen var gode til å utfordre det kompakte SIF-forsvaret, hadde dei ingen overtydande plan B på lur. Det tapte dei kampen på.
Kunsten å snu ein kurs
Det er inga tvil om at Rosenborg har vist stort potensiale i serieopninga. Men dagens uavgjort fekk meg til å tenkje på Ikaros-myten, om den unge mytologiske figuren som, i eit anfall av overmot, flyr for nær sola og forårsakar sin eigen undergang. Viss Rosenborg vert for høge på seg sjølv i staden for å justere det som gjekk feil inn mot neste kamp, kan eit kompakt og konsentrert Viking-forsvar fort få dei ned på bakken allereie i neste runde.
For Strømsgodset sin del ligg utfordringa mykje på det psykologiske planet. Det gjeld å ivareta optimismen frå dette oppgjeret inn mot Sandefjord-kampen om éi veke. Vi kan ha sett starten på ein opptur, men også SIF skal vakte seg vel for å fly for nære sola. Dei har til gode å overtyde med favorittstempel i panna – og det kan Sandefjord fort kome til å utnytte, slik Mjøndalen gjorde i førre runde.