Aalesund vann 5-0 over Florø, som no er ute av cupen. Leke James sikra det første målet. Det andre målet kom etter ei straffe til Aalesund ved Fredrik Ulvestad. Dei tre siste kom på rappen mot slutten av kampen.
- LES OGSÅ: Florø slo Førde ut av cupen for andre år på rad
- LES OGSÅ: Grytebust har tru på ein ny cupfinale for AaFK
– Litt som forventa
Aalesund-trenar Janne Jönsson er svært nøgd med resultatet. Likevel meiner han heimelaget gjorde ein god jobb med å forsvare seg.
– Den vart bra for vår del, og litt som ein kanskje kan forvente. Men Florø er eit ungt og friskt fotballag som har sitt eige spel. Det er godt gjort av dei å halde 0-0 i første omgang. Det vart naturleg nok meir trykk frå oss i andre omgang. Vi hadde vel ein 14-15 sjansar, trur eg, seier Jönsson til NRK.
– Kva tek dykk med dykk vidare?
– At vi er vidare, og så er dette er ei bra førebuing for kampen mot Tromsø på laurdag, seier Aalesund-trenaren.
(Artikkelen held fram under biletet)
Heldt 0-0 til pause
Florø heldt serieleiaren 0-0 til pause, men ut i andreomgang har dei fått bryne seg.
I første omgang klarte ungutane frå tredjedivisjon seg godt i banespelet mot Aalesund. Først mot slutten av omgangen festa eliteserielaget grepet og hadde nokre store sjansar blant anna einheading i stolpen etter ein corner.
Dommaren måtte også fram det raude kortet i dagens kamp. Florø-spelar Aksel Knapstad måtte forlate bana etter ei felling som førte til straffe for Aalesund. Det prega kampen veldig, seier Florø-trenar Terje Rognsø.
– Eg er ikkje nøgd med den endelege stillinga ut frå at vi har 0-0 til pause. Vi begynner bra i andre omgang, men så får vi det målet imot oss. Elles kjenner eg at vi er med, men det er klart at når vi er ti mann når det vert 0-2 så blir det vanskeleg, seier han.
Meiner 2. målet var offside
Ifølgje Rognsø var Florø sjanselause i mot serieleiaren etter at det andre målet kom.
– Dei er nok hakket betre enn oss i første omgang, men eg synest vi begynner veldig bra i andre omgang. Så får dei første målet, som vi faktisk meiner er eit offside-mål, og det pregar kampen. Og då gjer vi fleire feil på rad, og vi får 0-2 målet på straffe og utvising, men likevel er eg skuffa over at vi skal sleppe inn tre mål på slutten.
– Vi var sjanselause etter at dei hadde fått to mål, seier Florø-trenaren.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Spelte naivt i første omgang
Aalesund-kaptein Jonatan Tollås Nation meinte laget hans var naive i spelet i første omgang, men at dei i pausen var blitt einige om å høgne spelet i andre omgang.
– Det klarte vi, og vi feiar over dei. Eg er stolt av gutane som viser sterk karakter gjennom heile kampen, seier Nation.
Han meiner likevel Florø gjorde ein god innsats, og at dei stod godt imot Aalesund i første omgang.
– Dei er topp motiverte for desse kampane, og det er alltid ekkelt å møte slike lag. Men vi får ta med oss at vi er vidare og at vi får fem mål i andre omgang, seier han.
Spelte mot eit topplag
Florø-kaptein André Frøyen Reksten var derimot svært skuffa over kampresultatet.
– Vi hadde ikkje så mykje å stille opp med når vi hadde ein mann mindre, og Aalesund er eit godt lag. Det er ein grunn til at dei ligg på topp i tippeligaen.
Trass det dårlege vêret møtte 1100 opp for å sjå cupoppgjeret mellom Florø og Aalesund på Florø Stadion.