Uniteds direktør Ed Woodward og ein representant for Uniteds største aksjonær Glazer-familien skal ha gjort avtalen på van Gaals villa i Algarve i Portugal seint i går kveld,
.Louis van Gaal er nederlandsk landslagssjef, og skal etter det De Telegraaf forstår overta United-jobben etter at han har leia Nederland gjennom VM til sommaren.
United nektar for avtale
Klubben vil sjølv ikkje stadfeste dette. «Vi har ikkje gjort avtale om nokon ny manager», er svaret fleire britiske media har fått når dei har vendt seg til klubben i dag.
– Vi har ikkje skrive kontrakt med nokon ny manager. Når vi har noko å melde om den saka, melder vi det, seier ein representant for United til BBC.
i Manchester United ut denne sesongen. Han overtok etter at tysdag.
Manchester United er nummer sju i Premier League, og det er venta at klubben må styrke stallen betydeleg før neste sesong. Louis van Gaal skal ifølgje oppslaget i De Telegraaf få 100 millionar euro (over 800 millionar kroner) til spelarkjøp som ein del av avtalen.
Ifølgje De Telegraaf skal van Gaal alt ha kome med dei første anbefalingane om kva spelarar United bør kjøpe før neste sesong.
– Møttest for to veker sidan
van Gaal har vore blant dei heitaste namna i spekulasjonane sidan Moyes fekk sparken. Allereie for to veker sidan skal Woodward og van Gaal ha hatt dei første samtalene – altså før Moyes fekk sparken.
Både Tottenham og Monaco har også vore ute etter å sikre seg van Gaal etter VM.
Sir Alex: – Gi Giggs jobben
Sir Alex Ferguson – suksessrik manager i United i nærmare 27 år og no ein av direktørane i klubben – sa torsdag at han var
. No tar han til orde for at Ryan Giggs bør få jobben permanent.Giggs leier laget for første gong mot Norwich heime på Old Trafford i kveld.
Han har meir enn 20 års erfaring frå United, seier Ferguson om Giggs (40). Giggs kom til klubben som 13-åring og debuterte i ligaen i mars 1991 (0-2 mot Everton).
– Han veit kva det vil seie å spele for United, seier Ferguson.