– Han kjøpte røyster, seier Johansson til
.Det som skulle vere eit internt UEFA-val, vart påverka av at Blatter kjøpte stemmer for Johanssons konkurrent Michel Platini, meiner Johansson, som var UEFA-president på den tid.
skriv om Johanssons påstandar i dag. Dei har kontakta UEFA om skuldingane, men UEFA vil ikkje kommentere dei.
Tapte både i 1998 og 2007
Johansson tapte i 2007, som han gjorde mot Blatter i kampen om å bli FIFA-president i 1998. Johansson har tidlegare hevda at Blatter
.– Då var eg forbanna. I 2007 reagerte eg også, men då vart eg ikkje forundra. Då var det berre gjentaking av noko eg kjende til frå før, seier Johansson.
Han følgjer godt med i diskusjonen rundt Sepp Blatter, som i går tok opp att at
ved valet neste år.– Sit til han døyr på sin post
Men Johansson er ikkje sikker på at 78 år gamle Blatter klarer å henge med. Sjølv om han trur Blatter vil sitje til han døyr på sin post, for å halde på løyndomane frå sine år i presidentstolen.
– Men mange som har site ved Blatters side og vore lojale, tek no til å ta avstand frå han, seier Johansson.
I ei pressemelding frå FIFA i går sa Blatter at organisasjonen må gjenopprette truverdet som har fått hard medfart dei siste åra, ikkje minst med korrupsjonsskuldingane om VM-tildelinga 2018 og 2022.
– Det er viktig for meg personleg å vere ved roret når vi skal gjenopprette tilliten, og å kunne gå eit nytt år i møte med gode haldningar fram mot komande turneringar, seier Blatter.
– Blatter merkar motstanden
Blatter har likevel enno ikkje gitt formell melding om at han stiller ved presidentvalet i mai. Det må han gjere innan 29. januar. Men ikkje alle trur at han kjem til å gjere det.
Ifølgje
skal Blatter ha hemmelege samtaler med FIFA om å ikkje stille opp på nytt til våren. Han tek til å merke at motstanden mot han aukar.– Blatter verkar meir og meir sliten etter mange år med brannslokking av fleire skandaler, og eit generelt hektisk arbeidspress, seier ei anonym sentralt plassert FIFA-kjelde til BBC.
Kjelda seier også at det at sjefetterforskar Michael Garcia
, skal ha lagt endå større press på Blatter.