– Ikkje eingong dei beste norske klubbane har god nok kvalitet til å hevde seg i Europa, og Champions League er i dag langt over norsk nivå seier Karl Petter Løken.
Han er heilt klar på at det er stor avstand til europeisk standard. Klubben som kjem nærmast, er Molde. Men også dei treng flaks for å kome til europaligaen, meiner Løken.
Han har akkurat sett opningskampane i eliteserien, ikkje minst
– RBKs sterkaste sesongopning sidan storåret 1999.– Molde har den breiaste stallen, og det trengst når ein skal spele kvalifiseringskampar om sommaren, samstundes med heimleg serie og cup. Dersom dei har litt flaks med trekninga, kan dei kanskje nå europaligaen, som vil vere eit godt springbrett. Meisterligaen held eit altfor høgt nivå, seier Løken.
– Langt unna meisterligaen
– Kor langt unna meisterligaen er dei norske laga?
– Ganske langt. Vi er ikkje eingong i nærleiken av dei beste, dei held skyhøgt nivå. Dei dårlegaste laga i meisterligaen kan våre beste lag nesten matche på ein god dag. Men vi har ikkje stabiliteten som skal til, seier Løken.
– Derfor trur eg Europa-sjansane er små. Det er mange bra lag der no, også lag vi ikkje høyrer så veldig mykje om, seier han.
Trur Molde har stor nok stall
– Vi jobbar med saka og gjer vårt beste, seier Rosenborgs sportslege leiar Stig Inge Bjørnebye. Han trur nivået stig i takt med den skjerpa konkurransen i toppen.
– Du klarer ikkje å heve nivået åleine, seier Bjørnebye.
Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal er delvis samd med Løken, men trur Molde har sjanse til europaligaen.
– Molde har så stor og sterk stall at dei kan takle både cup, serie og europaliga, seier han.
– Det er eit trangt nålauge. Du såg ei dei tapte for eit ukjent ukrainsk lag i fjor, seier Rekdal.
– Det kan gå vegen for Molde, også til gruppespelet i meisterligaen. Men vi skal vakte oss vel for å tru at dei kan klare noko liknande som Rosenborg gjorde i si tid, seier Rekdal.
– Vi er langt unna det nivået, seier Vålerenga-trenaren.
Men nokon er optimistiske. Mjøndalen-fansen song meisterliga-hymnen ved kampslutt etter 1-0-sigeren over Viking.