Berre halvparten av straffesparka i dei seks første serierundane i årets eliteserie har gitt scoring. Fem av ti straffer har gått utanfor eller er blitt redda.
– Det har eg ingen god forklaring på. Kanskje det er betre nivå på keeperane? Dei skal ha litt av æra for det dei også, seier Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal.
– Det er nok litt tilfeldig, og statistikken kjem nok til å normalisere seg litt etter kvart, seier Rosenborgs Alexander Søderlund. Berre seks av 30 serierundar er spela.
Like mange som i heile 2012
Men fem straffebom er like mange som i heile 2012-sesongen, då det i alt vart dømt 43 straffer.
43 straffer vart også dømt i eliteserien i fjor. Ti av dei blei bom.
Kilde: nifs.no
Rekdal veit betre enn dei fleste kva eit straffespark inneber.
– Det er heile settingen rundt ein straffesituasjon, og den kan vere ulik. Ikkje alle taklar presset like godt, og ikkje alle er like vane med å ta straffer, seier Rekdal.
– Elles veit eg ikkje kva som er årsaka. Det skulle ikkje vere verre i år enn i fjor, målet er like breitt, legg han til.
Vålerenga har fått eit straffespark i serien i år – mot Strømsgodset i serieopninga i påska. Den scora Daniel Fredheim Holm på.
Ti straffer – ti spelarar
Dei ti straffene i årets serie er tatt av ti ulike spelarar. Rosenborg er einaste laget som har fått tildelt meir enn eitt straffespark i løpet av dei seks første kampane. Dei har fått tre, og tre ulike spelarar har tatt dei.
– Det er også litt tilfeldig og går ofte litt på feelingen der og då, seier Søderlund. Han bomma på straffe mot Start i førre veke, men er ikkje skremd frå å ta fleire. I fjor tok han to av Rosenborgs fire straffespark, og scora på begge.
– Eg tar gjerne straffer. Eg hadde lyst til å gjere det mot Odd i går også, men då tok Riku (Riski) det, og hans scora jo, seier Søderlund.
At det er tre spelarar som har tatt Rosenborgs tre straffer i år, er heilt tilfeldig seier han.
– Rutine betyr ein del. Men i Vålerenga har vi fleire som skal kunne ta straffer når vi får det tildelt, og det trur eg dei andre klubbane også har, seier Kjetil Rekdal.