Tyske medier har den siste tida spekulert i om Blackburn verkeleg er interessert i den aldrande stjernespissen.
I kveld uttalte Schalke-sjef Horst Heldt at den engelske klubben hadde komme med ein konkret førespurnad.
Vil bli
Raúl var ifølgje kicker.de i møte med klubbleiinga om framtida. Der skulle det bli klart om 34-åringen verkeleg ville halde fram i den tyske Bundesligaklubben.
Heldt understreka at klubben ikkje vil halde på ein spelar som ikkje er interessert å spele for klubben.
– Vi vil ikkje ha spelarar som ikkje leverer, seier Heldt til Kicker.
Etter møtet kom det fram at Schalkes stjerne ønskar å bli verande. I alle fall den næraste tida, skriv bild.de.
Overgangen virka ifølgje Recklinghäuser Zeitung eitt hundre prosent klar, men no blir det tydeleg ikkje mykje av den.
– Raúl ba oss om å avbryte samtalane med Blackburn. Det har vi gjort. Han vil bli i Schalke, seier Heldt.
Klar for Europaligaen
Torsdag speler den tyske klubben i den siste kvalifiseringsrunden i Europaligaen borte mot Helsinki. Med på flyet er den spanske stjerna, skriv Bild.
Den tidlegare Real Madrid-spelarens kontrakt med Schalke går ut etter sesongen.
Raúl er tidenes mestscorande spelar i UEFAs europacupturneringar med 73 mål.