Hopp til innhold

Drillo: - Vi var ikkje langt unna

Noreg produserte meir enn venta i kampen mot Portugal, men måtte til slutt sjå seg slått med eitt mål. Hadde marginene gått Noregs veg kunne fort sett annleis ut, meiner landslagsspelarane.

SLIK GJEKK KAMPEN: Portugal - Norge 1-0

Det norske landslaget gjekk friskt ut mot Portugal, og prøvde hardt vere sterke framover mot førehandsfavorittane på bortebane.

Drillo

Ein skuffa Drillo måtte sjå Portugal gå av banen med tre viktige poeng i lomma etter kampslutt på Estadio da Luz.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Men Noregs sjansar resulterte ikkje i scoring.

– Vi må scora på sånne sjansar som vi får i denne kampen, seier Egil "Drillo" Olsen til Viasat.

Han meiner laget hans fort kunne rysta portugisarane.

– Dei vinn fortent, men vi var ikkje så langt ifrå. Vi skulle ikkje hatt så mykje marginar for å ta eitt poeng, seier Egil "Drillo" Olsen etter tapet.

Gamst nære

Noreg hadde ved fleire høve meir eller mindre store sjansar til å scora.

Kvarteret ut i kampen fann Bjørn Helge Riise fram til Erik Huseklepp som avslutta på Portugal-keeper Eduardo frå spiss vinkel.

– Eg kom litt skrått der og bare bestemte meg for å skyta. Eg traff ganske bra, men det var ein god redning. Det var kjedelig at den ikkje gjekk inn, for då kunne vi fått kampen inn i eit heilt anna spor, seier Huseklepp om sjansebommen.

Bare sju minutt etter viste dei norske spelarane at dei kunne rysta Portugal med scoring, men også denne gongen blei det bare nesten.

Eit flott angrep starta med Morten Gamst Pedersen og avslutta med same person.

På pasning frå Bjørn Helge Riise i heimelagets felt sette Gamst ballen over Portugals mål frå 12 meter.

  • Burde Drillos menn scora på slike sjansar? Diskutér nedst i saka!

Moa-straffe?

70 minutt ut i kampen såg Portugals Bruno ut til å tråkka ned Moa. Noreg ropte på straffe, men domaren vinka spelet vidare.

Så nære var det norske landslaget i å gje portugisarane eit sjokk i heksegryta Estadio Da Luz.

– Vi hadde dei to største sjansane i første omgang, og om vi hadde scora hadde kampen blitt heilt annleis, seier John Arne Riise som spelte sin 95. kamp med flagget på brystet.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kalddusjen

Ekstremt norsk forsvarsarbeid skulle hindra Portugal i å komme til målsjansar. Og det tok heile 52 minutt før kalddusjen kom. Til då hadde godt norsk forsvarsarbeid stått imot det verste presset frå Portugal.

Eit Nani-innlegg av den ekstreme sorten hamna i feltet hos Hélder Postiga som var i duell med Vadim Demidov.

Uheldige Demidov kunne gjera lite med den portugisiske superspissen som fekk tåa på ballen, og plutseleg stod det 1-0 til Portugal.

– Kjenner eg norsk presse rett, så blir Demidov grilla litt for den situasjonen, seier Rennes-spelar Alexander Tettey i NRK P1 etter kampen.

(artikkelen held fram under biletet)

Norge

Portugal jublar for 1-0 i det 52. minutt.

– Kjempestor oppleving

Tom Høgli var spelaren som fekk den store oppgåva før møtet med Portugal. Han skulle ta seg av motstandarens store profil: Christiano Ronaldo.

Og Høgli makta å temma Real Madrid-spelaren.

– Det var som forventa i første omgang. Dei hadde ballen mykje, og dei har jo gode spelarar. Eg føler at vi har brukbar kontroll, og skaper nokre sjansar, seier Høgli til Viasat.

(artikkelen held fram under biletet)

Portugal

Ronaldo kom til sjansar, men fekk det vanskelegare enn venta mot Tom Høgli i det norske forsvaret.

Også keeper Rune Almenning Jarstein skulle få det tøft mot portugisarane. Han varta opp med fleire praktredningar i løpet av kampen.

– Det er alltid spørsmålsteikn ved keeperplassen før en landskamp. Det var ein kjempestor oppleving som eg tar med meg gjennom resten av karriera.

– Det er surt å stå med null poeng, for eg føler vi gjør en god defensiv jobb, og vi har fleire store sjansar. Vi kunne fort fått med oss poeng, seier Almenning Jarstein til Viasat.

For lagets fyrtårn aleine på topp, John Carew, var ikkje humøret det beste etter kamp.

– Det var litt skuffande, for vi følte vi gjorde alt etter planen, seier Carew.

Tre tette frå Portugal

Sett vekk frå scoringa kom ikkje Portugal fram til så mykje meir enn det norske landslaget.

Real Madrid-stjerna Ronaldo traff godt og fekk ein dupp på ballen etter ti minutt. Jarstein strakk seg så lang han var og fekk akkurat slått til corner.

Like før pause slo Coentrao eit luftig innlegg frå venstre og Ronaldo kom stormande inn i feltet.

Han vann duellen enkelt, men headinga frå kloss hold gjekk rett på keeper.

(artikkelen held fram under biletet)

Norge

Tom Høgli og Bruno Alves i duell på Estadio da Luz.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Fem minutt ut i andre omgang måtte Jarstein strekka seg på ny etter at Martins fyrte av frå distanse.

Dette var dei store sjansane Portugal skapte i kampen.

– Dei har ballen, men skaper ikkje så mykje. Vi gjorde ein ærleg innsats og skulle klart uavgjort, seier John Arne Riise.

Drillo støttar Riises utsagn:

– Dei hadde nesten ingen klåre målsjansar, medan vi hadde to veldig store.

Likt i toppen

Norge tok ein sterk 1-0 siger heime mot Portugal då laga møtte kvarandre på Ullevaal 7. september i fjor.

Denne gongen blei Portugal for sterke, men produserte ikkje mange fleire målfarlege sjansar enn Noreg.

No er Danmark og Portugal likt med Drillos. Samtlege har ti poeng i gruppe H.

Fotball

  • Bellingham senket Barcelona i El Clásico på overtid

    Barcelona tok ledelsen to ganger i El Clásico, men det gikk mot 2-2 og status quo i gullkampen i La Liga inntil Jude Bellingham ga Real Madrid seieren.

    Det skjedde på overtid og på pasning fra Lucas Vázquez, som var involvert i alle de tre hjemmemålene på en dag da seriegullet i praksis ble sikret.

    Lucas Vázquez og Vinicius Junior samarbeidet om to utligningsmål tidligere i kampen, og Real Madrid økte med seieren sitt forsprang til serietoer Barcelona til hele elleve poeng når seks serierunder gjenstår. (NTB)

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Manchester City v Real Madrid
    Foto: Molly Darlington / Reuters
  • Glimt gikk på sesongens første poengtap

    Glimt fikk en drømmestart i toppkampen mot Molde da Nino Zugelj stanget inn 1–0 etter kun syv minutter.

    Men Molde kjempet seg tilbake i oppgjøret. Ti minutter ut i andre omgang rev Kristoffer Haugen seg fri på bakerste stang, og pirket et innlegg fra Kristian Eriksen over målstreken.

    Dermed gikk Bodø/Glimt på sitt første poengtap for sesongen, mens Molde unngikk å gå på sitt andre strake tap.

    De to deler tabelltoppen med Brann, alle på ti poeng. Men Glimt har en kamp mindre spilt enn rivalene.

    Bodø/Glimt-spillere feirer etter målskåring på Aspmyra 21. april
    Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK
  • Perle da Liverpool slo tilbake med seier

    Liverpool reiste seg etter europaligaexiten og vant 3-1 borte mot Fulham i Premier League søndag. Klubben er fortsatt med i tittelracet.

    Liverpool-manager Jürgen Klopp overrasket og henviste både Mohamed Salah og Darwin Núñez til benkeplass til oppgjøret.

    Uten stjernespillerne fra start sørget Trent Alexander-Arnold, Ryan Gravenberch og Diogo Jota for tre viktige poeng i kampen om Premier League-tittelen.

    Seieren sender laget à poeng med Arsenal på tabelltopp. Manchester City har en kamp mindre spilt og går forbi begge om den vinnes. (NTB)

    Premier League - Leicester City v Liverpool
    Foto: CARL RECINE / Reuters
  • Viking stoppet av FFK – tre kamper uten seier

    Poengfangsten går trått for Viking. Søndag ble laget holdt til 1-1 hjemme mot Fredrikstad.

    Ikke siden åpningskampen har Viking stått igjen som vinner i Eliteserien. Nicholas D'Agostinos hodestøt fikset poenget mot FFK.

    Før det hadde Morten Bjørlo gitt gjestene ledelsen på fantastisk vis. I det åttende minutt snappet han opp en svak Viking-pasning, tok seg oppover i banen og knallet inn 0-1 fra 20 meter.

    (©NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Viking - Fredrikstad
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • KFUM Oslo sikret klubbens første eliteserieseier

    Etter to uavgjort og ett tap vant KFUM Oslo sin første eliteseriekamp søndag. To mål før pause sørget for 2-0-seier over Sarpsborg på bortebane.

    Oslo-laget var effektivt før hvilen, og Johannes Nuñez og Petter Nosa Dahl ordnet 2–0. Sarpsborg ledet an i andreomgangen, men greide ikke å forhindre at poengene ble med tilbake til hovedstaden.

    Eliteserien i fotball 2024: Sarpsborg 08 - KFUM Oslo
    Foto: Christoffer Andersen / NTB
Salah
Molde-keeper Jacob Karlstrøm er skuffa over at han rota det til i eigen boks då MFK tapte mot Odd i kveldens eliteseriekamp.
Erling Haaland
Phil Foden