– Chelsea har lagt inn eit bud på Fernando, som er avslått. Spelaren er ikkje til sals, seier ein talsperson for Liverpool til den engelske avisa The Times.
Avisa skriv at Chelsea var villig til å legge 35 millioner pund (320 millioner kroner) på bordet for å sikre seg spanjolen.
Men avslaget til Liverpool gjer at Merseyside-klubbens fans kan puste letta ut nok ein gang.
For etter at Torres kom til Liverpool frå Atletico Madrid i juli 2007, har spissen fleire gangar blitt knytta til andre klubbar, som til dømes Manchester United og Chelsea.
26-åringen har scora ni ligamål på 22 kampar for Liverpool denne sesongen.
Merseyside-klubben ligg no på 7. plass i Premier League, ni poeng bak Chelsea på 4.
London-klubben, som har ein kamp mindre spelt, ønsker nok å forsterke laget med ei stjernenesignering for å komme tilbake i kampen om seriegullet.
Men Torres får dei ikkje, enno. Chelsea har heller ikkje så god tid på å komme med eit nytt bud på spissen. Overgangsvinduet stenger nemleg om bare få dagar.