Moyes slo dette fast på sin første pressekonferanse etter at han formelt overtok jobben sist måndag.
– Wayne Rooney er ikkje til sals. Han er ein United-spelar og skal vere det også i framtida, sa Mpyes.
Moyes' forgjengar i Manchester United, Sir Alex Ferguson,
. Etterpå har spekulasjonane florert, og spissen har vore lenka til både Real Madrid, og no sist Arsenal.Moyes sa på pressekonferansen at han hadde snakka fleire gonger med Rooney dei siste dagane, men han ville ikkje svare direkte på om Rooney på noko tidspunkt hadde bedt om å bli seld frå klubben.
– Han har trent fantastisk bra, var alt Moyes ville seie.
27 år gamle Rooney blir dermed gjenforeint med sin gamle sjef. Han slo gjennom i Everton i 2002, same året som Moyes vart manager i Liverpool-klubben. To år seinare vart han kjøpt av Manchester United, berre 18 år gammal.
Sidan det har han spela 402 kamper for United og scora 197 mål. Han har vunne fem Premier League-titlar og ein meisterligafinale med klubben.
Men i førre sesong butta det litt imot, og Rooney kom for det meste i skuggen av Robin van Persie.
Etter overgangen i 2004 kom det til konflikt melom Rooney og Moyes i samband med ei bok Rooney gav ut. Der gav han uttrykk for sitt syn på overgangen, og Moyes gjekk rettens veg for det han meinte var ærekrenkjande opplysningar.
No skal Moyes igjen bli Rooneys sjef.
«Du er Uniteds neste manager»
På pressekonferansen fortalde også Moyes at han ikkje ante noko om at han var aktuell som United-manager før ei veke før Ferguson annonserte sin avgang i mai.
– Eg visste ingenting. Så ringde Sir Alex og bad meg om å kome heim til han. Eg trudde han ville kjøpe ein av Evertons spelarar. Så fortalde han meg rett fram: "Eg skal slutte".
Eg spurde han om når det skulle skje. Hans svar var: "I neste veke. Og du er Manchester Uniteds neste manager". Eg fekk aldri ein sjanse til åseie nei, sa David Moyes.