– Det er viktig for innflytnadsrike menn frå området å vise at situasjonen er i ferd med å normalisere seg. Her er det tydeleg at ein bruker fotballinteressen for å skape eit inntrykk av ein viss normalitet, seier Jentoft.
Frå terror til fotball
– Med slike kjøp ønsker ein å få fokuset vekk frå terror og islamsk fundamentalisme og over på fotball. Sentralmyndigheitene i Moskva er også interessert i å få fokuset over på noko som kan definerast som positivt, seier Jentoft.
No skal den kamerunske stjerna spele i ein krigsherja russisk republikk som er i ferd med å lukkast sportsleg med å vise enorme økonomiske musklar.
– Anzji er i ferd med å etablere seg som ein av dei beste klubbane i Russland.
– God for 50 milliardar
Bak dei store investeringane i klubben står ein godt bemidla mann: Suleyman Kerimov.
– Det er han som gjer at dei er i stand til å hente ein spelar som Eto'o til klubben. Enkelte hevdar at han er god for 50 milliardar norske kroner, seier Jentoft.
Med ein slik formue blir årlege utbetalingar til den tidlegare Inter- og Barcelona-stjerna bare småpengar.
I enorm vekst
At ein spelar som Eto'o skal tre på seg trøya til ein russisk klubb viser at fotballnasjonen er på frammarsj, meiner Jentoft.
– Fotball er stort i Russland. Det har det vore sidan Sovjetunionens dagar.
NRK-korrespondenten er spent på utviklinga i den russiske fotballen, særleg fram mot VM 2018.
– Det blir no bygd stadionar over alt. Samstundes ser vi at russiske klubbar ikkje bare blir aktuelle for Samuel Eto'o, men også mange andre spelarar, seier han og siktar mellom anna til Ruud Gullit som i juni fekk sparken som trenar i tsjetsjenske Terek Grozny.