Hopp til innhold

Homofile Jason Collins bryt barrierer i USA

For snart eitt år sidan stod basketballspelar Jason Collins fram som homofil. Søndag signerte han kontrakt med Brooklyn Nets, og blir med det den første opent homofile utøvaren i NBA.

Jason Collins

Jason Collins, her som Boston Celtics-spelar i duell med Sacramento Kings' Chuck Hayes, har no signert med Brooklyn Nets. Han blir den første opent homofile spelaren i både NBA og éin av dei fire store sportane i USA.

Foto: Elise Amendola / Ap

Jason Collins

Jason Collins går i tog under Gay Pride Parade i Boston.

Foto: Mary Schwalm / Ap

Collins kom ut av skapet i april i fjor etter å ha endeleg bestemt seg for å stå fram i 2011.

– Eg ønskja å bli den første spelaren i ein stor amerikansk lagsport som stod fram som homofil. Eg elskar spelet, og føler eg framleis har noko å tilby, sa han til Sports Illustrated.

Han stod nemleg fram som homofil etter at NBA-sesongen var over, og har heilt fram til i dag vore klubblaus.

Jubel og bråk

I etterkant av at han blei den første aktive spelaren i éin av USA sine store lagidrettar, blei det både jubel og bråk i USA.

Han blei hylla av lagkameratar, presidentar og LHBT-bevegelsen, men mellom anna den profilerte ESPN-journalisten Chris Broussard omtalte Collins si avgjersle om å stå fram som «eit opent opprør mot gud».

All ståheien rundt Collins, samt det faktum at han ikkje er eit openbart førsteval for NBA-klubbar i ein alder av 35 år, gjorde at det lenge var uklart om publikum ville få sjå han i NBA igjen.

Søndag blei det derimot klart at Jason Collins har signert ein kontrakt på 10 dagar – i første omgang – med Brooklyn Nets (tidlegare New Jersey Nets).

Saka held fram under Twitter-meldinga.

Laster Twitter-innhold

Får tidlegare god lagkamerat som trenar

Jason Kidd

Brooklyn Nets-trenar Jason Kidd var lagkamerat med Jason Collins gjennom åtte NBA-sesongar.

Foto: Jim Urquhart / Ap

Signeringa kjem midt i NBA-sesongen. Ifølgje ESPN sa manager i Brooklyn Nets, Billy King, at signeringa eine og åleine er sportsleg.

– Avgjersla om å signere Jason var ei basketball-avgjersle. Vi trengde å forsterke forsvaret vårt rundt korga, og med hans erfaring og størrelse følte vi det var eit rett val for ein tidagers-kontrakt, fortalde King.

Collins har spelt 12 sesongar i NBA før signeringa med Brooklyn Nets. Lengst var han i nettopp Nets, då heitande New Jersey Nets, frå 2001 til 2008.

Han har i tillegg spelt for Memphis Grizzlies, Minnesota Timberwolves, Atlanta Hawks, Boston Celtics og seinast Washington Wizards våren 2013.

No skal han altså på ny spele for Nets, der han mest truleg får debuten sin mot Los Angeles Lakers søndag kveld.

Éin av grunnane til at Collins no er tilbake i NBA blir sagt å vere Nets-trenar Jason Kidd. Han var lagkamerat med Collins i Nets frå 2001 til 2008.

– Historie

At den opent homofile basketballspelaren er tilbake i NBA gjer at Athlete Ally, ei gruppe som arbeidar nært med profesjonelle sportsligaer om LHBT-inkludering, jublar.

– I dag reiv Jason Collins opp det siste skapet i USA, og blei den første opent homofile spelaren som signerer for eit lag i ein av dei fire store sportane, seier Brian Ellner i Athlete Ally i ei pressemelding etter signeringa.

– Dette er eit stykke historie, eit viktig stadium i fortsettelsen mot rettferd og ein augneblink som må feirast, seier Ellner vidare.

Russiske valresultat

Mikhail Prokhorov stilte som presidentkandidat i Russland ved valet i 2012. Han fekk 7,94 prosent av stemmene.

Foto: THOMAS PETER / Reuters

Klubben eigd av russisk politikar

Eit ekstra moment oppe i signeringa for nettopp Brooklyn Nets er at eigaren er ein russisk politikar, Mikhail Prokhorov. I samband med Sotsji-OL har homofile sine rettar vore eit svært heitt tema.

Prokhorov er ein russisk milliardær, politikar og tidlegare industrieigar. Han har hatt store eigedelar i metall og gull i Russland, før han blei politikar i juni 2011. På Forbes si liste over verdas rikaste var han 58. rikast i 2012.

Han stilte som presidentkandidat før valet i 2012 som uavhengig kandidat, før han seinare same år grunnla partiet Party of Civic Platform. Han har offisielt kritisert den russiske presidenten Vladimir Putin, og har uttalt at han vil ha Russland tilbake på ein meir stabil utviklingskurs.

Det er uklart om Prokhorov har hatt noko å seie i signeringa av Collins, men det er likevel verdt å nemne.

Siste nytt

  • Vellykket operasjon for van Aert

    Sykkelstjernen Wout van Aert var torsdag gjennom en vellykket operasjon etter at han ødela kragebeinet i endagsrittet Dwars door Vlaanderen.

    Det skriver belgierens lag, Visma Lease a Bike, i egne mediekanaler.

    – Det er uklart når Wout vil være tilbake på sykkelsetet igjen. Han går glipp av vårens klassikere, og deltakelsen i Giro d'Italia er fortsatt usikker. På vegne av Wout takker vi for all støtte, heter det i meldingen.

    Skaden gjør at prestisjerittene Flandern rundt, Paris-Roubaix, Amstel Gold Race, La Fleche Wallonne og Liege-Bastogne-Liege går uten belgieren.

    Med om lag sju mil igjen av onsdagens ritt veltet flere store profiler, blant dem van Aert. TV-bildene viste en svært forslått og preget belgier der han satt i veikanten før han ble hentet av sykebilen. (NTB)

    Wout van Aert
    Foto: STEPHANE MAHE / Reuters
  • Tonali siktet for ytterligere 50 brudd på gamblingreglene

    Det engelske fotballforbundet (FA) har siktet Newcastle-spiller Sandro Tonali for 50 brudd på Premier Leagues gamblingregler i tidsrommet 12. august til 12. oktober i fjor.

    Det skriver FA i en pressemelding torsdag. Tonali har fram til 5. april på å respondere på siktelsen.

    Newcastle skriver i en melding på egne hjemmesider at de er gjort kjent med siktelsen. De skriver at Tonali har klubbens fulle støtte i etterforskningen. Utover det ønsker verken Newcastle eller Tonali å kommentere saken.

    I oktober i fjor ble italieneren utestengt fra all internasjonal fotball i ti måneder for brudd på gamblingreglene i Italia. Han ble hentet til Premier League fra Milan sommeren 2023.

    FA mener at Tonali satset penger på fotballkamper 50 ganger i perioden fra nettopp Premier League-åpningen og fram til 12. oktober, samme dag som han ble avhørt om regelbruddene fra italiensk fotball.

    Hans foreløpig siste opptreden i Newcastle-drakten kom hjemme mot Borussia Dortmund i Champions League 25. oktober. Da fikk han 25 minutter som innbytter. (NTB)

    Premier League - Newcastle United v Crystal Palace
    Foto: LEE SMITH / Reuters
  • KFUM henter angrepsspiller fra Åsane

    Mame Mor Ndiaye (26) forlater Bergen og Åsane til fordel for nyopprykkede KFUM Oslo, melder BA. Sist sesong gjorde han ni mål i 1. divisjon.

    Ndiaye bekrefter selv til Bergensavisen at overgangen er i boks.

    – Det er vondt å dra fra klubben nå, men det er dette jeg har jobbet for å få til. Ønsket mitt har hele tiden vært å få sjansen i eliteserien, forteller 26-åringen til BA.

    (NTB)

    FOmDNHw_B34
    Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal