I kveld kunne Oilers avgjera kampen om kongepokalen i ishockey for menn, men tapte den femte finalekampen 3–1 mot Vålerenga.
- Les òg:
Stavanger-supporterane, som ikkje fekk seg billettar til Oslo-kampen, møtte opp i hopetal i Oilershallen. Her såg dei TV2 si direktesending på storskjermane i den nye hallen.
Sjølv om resultatet var skuffande, var dei ved godt mot etter kampen.
– Alle taper av og til, me har ein god sjanse på å vinna samanlagt, seier Jan Erik Svendsen, som er ein av dei om lag 800 frammøtte.
- Les òg:
– Kjekkare med likesinna
Han er glad for at han kom til Oilershallen for å sjå kampen.
– Det er mykje kjekkare å sitja her å sjå kampen samen med likesinna, enn det ville vore å sett kampen heime i stova, seier Jan Erik Svendsen, som er ein av dei om lag 800 frammøtte.
Kameraten hans Ken Ove Wulvig er samd.
– Dette er min andre Oilers-kamp, men det er veldig bra stemning. Eg er imponert over frammøte seier han.
Det var Oilers-eigar Tore Christiansen som reiste frå hallen ulåst, og alle som ville slapp gratis inn.
Slo ikkje like godt an
Sist finalekamp mellom Oilers og Vålerenga i Jordal Amfi kjøpte Christiansen tusen billettar til sine eigne supporterar på Jordal. Dette blei den første bortesigeren til Oilers mot Vålerenga på svært lenge.
Å sleppa folk inn i Oilershallen viste seg å ikkje ha same effekt.
Men nå kan i alle fall dei ivrige hockeytilhengarane i Stavanger gleda seg til storkamp neste sundag.
Dei leiar framleis totalt, og om dei vinn sundagens finalekamp på heimebane, så er dei noregsmeistrar. Dersom Vålerenga vinn på sundag, blir den siste og avgjerande finalekampen spelt på Jordal Amfi.