Hopp til innhold

Hushovd føler seg sterkare og sterkare

Grimstad-syklisten Thor Hushovd har lagt bak seg 2012, som var prega av skader og sjukdom. No er han klar for sesongstart om ei veke.

Thor Hushovd

SESONGOPNING: Thor Hushovd er klar for sesongstart i Argentina om ei veke.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Kropp og hovud er veldig bra. Eg har lagt bak meg tre månader med veldig bra trening. Nivået hevar seg veke for veke og eg er nesten løpsklar, seier Hushovd til NRK.no.

– Eg har hatt ein lang pause og har fått god tid. Å bli sett på sidelinja ufrivilleg har gjort at det har samla seg eit mentalt overskot. Det trur eg at eg vil leve lenge på i 2013 og kanskje litt framover, seier han.

Tungt 2012

2012 vart eit sportsleg svart år for sørlendingen. I juni vart det klart at Hushovd måtte stå over Tour de France for første gang på 11 år. Også OL i London gjekk fløyten for syklisten.

21. januar sesongopnar Thor Hushovd i Argentina. Han skal køyre etapperittet Tour de San Luis, som varer i ei veke.

– Eg har mista 6-7 månader med konkurranseløp i beina, som dei andre gutane har fått. Det forspranget må eg ta att, seier Hushovd.

– Eg ville starte tidleg i år. Eit anna alternativ var Down Under Australia, men då hadde det vorte endå lenger reise og mykje varmare. Så kvifor ikkje prøve noko nytt, seier han.

Paris-Roubaix

Paris-Roubaix står framleis som eit stort mål for Hushovd, som det har gjort i fleire sesongar.

– Det er det. Det er den eg drøymer om sjølv om det også er mange andre løp eg vil gjere det bra eller vinne. Milan-San Remo rundt er også høgt oppe. Det er nok av moglegheiter. Så må eg ta tak i dei sjølv, seier han.

Hushovd understrekar også at han vil få god hjelp frå laget sitt BMC til å nå måla sine.

– Det er på papiret. Så er det opp til meg sjølv å vise at eg er sterk nok, seier Hushovd.

Hushovd har tidlegare sagt at han satsar fram mot OL i Rio de Janeiro i Brasil om tre år.

Siste nytt

  • Verstappen vant i Kina

    Max Verstappen vant Formel-1-sprinten i Kina natt til lørdag norsk tid.

    Han slo Lewis Hamilton med 13,043 sekunder.

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal