– Vi helsar vedtaket velkome som ein historisk milestolpe i forholdet mellom sport og politikk, seier IOC-president Thomas Bach i
organisasjonen har sendt ut i dag.Men om det har noko praktisk betydning er ei anna sak.
– Vedtaket er nok historisk, men har liten eller ingen praktisk betydning, seier Bjørn Omar Evju, avdelingsleiar i internasjonal avdeling i Norges Idrettsforbund.
– Praksis i dei fleste land
– Slik eg les
, er dette berre ei stadfesting av det som IOC meiner bør vere praksis, og som er praksis i dei fleste land. Dette punktet i resolusjonen kan vere basert på innspel frå IOC der dei vil poengtere ønskjet eller kravet om uavhengig idrett. Det er ikkje sjølvsagt i totalitære statar der den nasjonale olympiske komité er kontrollert på ulikt vis, seier Evju til NRK.FN
ein resolusjon der det blir slått fast at dei støttar «ein sjølvstendig og uavhengig idrett så vel som IOCs leiing av den olympiske rørsla».– Dei gode relasjonane mellom FN og IOC er i seg sjølv eit godt eksempel på nasjonale forhold mellom nasjonale OL-komitear og regjeringar. Men det er eit vilkår at sport alltid held seg politisk nøytral, seier Bach.
Har stengt nasjonar ute
IOC-presidenten har i løpet av det drøye året han har hatt vervet, brukt mykje tid på å knyte band med politikarar verda rundt.
– Det er viktig at vi byggjer relasjonane på at idretten skal styre seg sjølv, seier Bach.
IOC set mykje inn på at dei nasjonale OL-komiteane skal vere uavhengige av nasjonale styresmakter, uansett politisk farge.
Det finst fleire eksempel på at IOC har stengt ute land der regjeringa har gripe inn i styringa av idretten. Det same gjeld særforbunda, som til dømes FIFA. Seinast etter VM i sommar utestengde dei Nigeria av ein slik grunn.
Sist vinter fekk IOC sterk kritikk for at dei ikkje protesterte på homo-lovgivinga i Russland i samband med OL i Sotsji. Etter det har IOC vedteke å legge inn ein antidiskrimineringsklausul i kontrakten med framtidige OL-arrangørar.