Sogndal scora fire mål åleine i serieopninga borte mot Odd i fjor. Like mange mål vart det i årets sesongopning heime på Fosshaugane.
Då broderleg fordelt mellom dei to laga.
– Slik kampen utarta seg, så er eg nøgd med 2-2. Her vil Sogndal ta mange poeng. Dei er veldig sterke på dødbal, har ein direkte spelestil og mykje fysikk i laga. Dei vil kunne bryte ned mange forsvar, seier Tromsø-trenar Agnar Christensen.
Debutnervar
Og det var på dødball Sogndal festa grep om kampen. Etter å ha dominert det meste av banespelet, fekk ein umarkert Ricardo Santos stige til vêrs og stange inn 1-0 etter 26 minuttar på Malick Mane sin presise corner.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Dei første 25 minutta var det rimeleg kaotisk. Bana var veldig glatt, og ballen sklei heile tida av foten. Eg trur likevel vi var mest prega av debutnervar, seier Christensen.
Tapte duellar
Etter scoringa kom gjestene frå Tromsø meir med i kampen og berre ein god debutant, Erik Dahlin, i Sogndal-buret hindra Ruben Yttergår Jensen utlikning minuttar seinare.
Men utlikninga skulle komme. Og den kom to minuttar før pause då Remi Johansen fann nettmaskene med pannebrasken etter ein corner.
– Vi taper ein del duellar som gjer at vi kjem bakpå, seier den heimvendte sogndalspelaren, Rune Bolseth.
Skuffa Olsson
Ulrik Flo scora ti mål for Sogndal i fjor. Fem minuttar etter kvilen opna stryningen årets målkonto. Og igjen var det med pannebrasken. Ballen gjekk i ei høg bue over ein utspelt Marcus Salhman i Tromsø-buret.
(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER VIDEOEN)
Etter scoringa kom Tromsø på nytt meir med i kampen og knapt timen ut i sesongoponinga sytte Thomas Kind Bendiksen for balanse i målprotokollen med ei frisparkperle frå 20 meter.
– Eg hadde vore meir nøgd med siger. Vi leiar to gonger, og skaper nokre store sjansar, seier Olsson.
Fortener blomst
To minuttar før slutt kunne Morten Moldskred sytt for full pott for «Gutan» men avslutninga frå 20 meter small i Dahlin sin venstre stolpe. 2718 tilskodarar såg kampen ebbe ut med 2-2.
– Eg følte aldri at vi var underlegne, utanom i starten. Bortsett frå det føler eg at vi styrer det meste av spelet, men vi klarer ikkje å setje inn den tredje. Då blir det 2-2, seier Christensen lot seg imponere over at Fosshaugane i det heile vart speleklar til sesongopninga.
(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER VIDEOEN)
I vekene før oppgjeret har Sogndal Fotball kjempa mot undervarme på kunstgrasdekket som ikkje fungerte.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Bana var veldig hard og glatt, og eg trur nok ikkje at Sogndal heller var nøgd med den. Det er uansett bra at kampen blir gjennomførd. All honnør til banemannskapet. Dei må ha hatt ein utruleg vanskeleg jobb. Dei bør få bloms i morgon, seier TIL-trenaren.