– Utruleg bra – herleg å få til eit slikt løp, seier Ferry, som òg vann sprinten i Pokljuka i 2010, til NRK.no.
Den svenske veteranen hadde beste langrennstid og gjekk ein særskild god sisterunde. Han var 14,6 sekund etter russiske Dimitrij Malysjko ut frå andre skyting. I mål var han 2,9 framfor.
Legg opp etter sesongen
35-åringen, som legg opp etter sesongen, er langt frå freista til å ta ein Bjørndalen og forlenga karrieren.
– Eg trur ikkje eg kjem til å sakna konkurransane, det gjer så vondt. Ole Einar har lyst å gå på eit nytt løp ti minutt etter han har kome i mål – det vil ikkje eg, flirer den glade svensken.
Russiske Anton Sjipulin (26) var ein av få som skaut feilfritt i den sterke vinden, men heller ikkje han klarte å gjera noko med sisterunden til svensken. I mål var han 1,5 sekund bak. Tyske Arnd Peiffer med éin bom tok 3.-plassen – 2,7 sekund bak Ferry.
- Sjå resultatlista her
Bjørndalen optimistisk med tanke på jaktstarten
Gullvinnaren frå OL-sprinten, Ole Einar Bjørndalen, vart beste norske på 6.-plass med éin bom på ståande – 17,4 sekund bak Ferry.
– Det gjekk bra på liggjande. Ståande var krevjande med mykje vind, men eg følte meg sprek i sporet sjølv om det gjekk trått på slutten, sa Bjørndalen til NRK etter løpet, og la ikkje skjul på at han nok har hatt betre ski i løpet av karrieren.
40-åringen synest det var herleg å gå skirenn att etter OL, og ser optimistisk på sjansane i jaktstarten laurdag.
– 17 sekund er ikkje mykje – det gjeld berre å skyta godt.
Dårlege ski
Resten av dei norske løparane fekk det trått i den fyrste konkurransen etter OL. Tarjei Bø vart nest beste norske på ein 29.-plass etter éin bom. Vetlebror Johannes Thingnes Bø hamna på plassen bak, etter to bom.
– Eg synest faktisk eg gjekk eit bra løp, noko som sikkert kan høyrast litt rart ut etter ein 29.-plass. Det må ha vore enorme skilnadar på ski – det stod nesten stille mot slutten, kommenterte Tarjei Bø til NRK.no.
Emil Hegle Svendsen måtte tåla tre bom og vart nummer 33.
Henrik L'Abee-Lund vart nummer 38, medan Vetle Sjåstad Christiansen gjekk inn til 64.-plass.