Han og fotograf Tobias Prosch Simonsen fekk tydeleg merke kor vanskeleg det er å jobbe i Qatar, landet som skal arrangere fotball-VM i 2022 og friidretts-VM i 2019.
Føremålet med reisa var å lage ein reportasje om høgdehopparen Mutaz Essa Barshim, som bur i Doha, og elles filme til innslag som skulle brukast i NRK-sendinga frå Diamond League-stemnet i byen nokre dagar seinare.
– Men straks etter at vi hadde passert pass- og trygleikskontrollen på flyplassen, tok dei frå oss alt av kamerautstyr. Vi hadde ikkje løyve til å filme, eit løyve vi skulle ha søkt om minst 25 dagar før vi reiste. Det visste ikkje vi noko om. Vi måtte til kontoret til noko som heiter Qatar News Agency for å få rydda opp, fortel Rismyhr.
Måtte involvere «Bislett-generalen»
Kontoret låg ein times køyring frå flyplassen, og då NRK-teamet kom dit, var klokka 20 og kontoret stengt.
Neste morgon var dei på plass klokka åtte. Der måtte dei inn til avhøyr, ein om gongen, for forklare kvifor dei var der, og kva dei ville filme. Det forklarte dei, men dei ville ikkje la teamet få lov.
Løysinga vart å ringe til Steinar Hoen. Han er sjef for Bislett Games og har gode kontakter i Diamond League-sirkuset.
– Hoen kontakta sentrale personar hos Doha-arrangøren, som forklarte QNA-folka kva vi skulle. Omsider fekk vi derfor dei nødvendige papira og kameraet tilbake, seier Rismyhr.
- Les også: LO har sendt brev til FIFA
Løyve på arabisk
Men problema var slett ikkje over for journalisten og fotografen frå NRK. Etter intervjuet med Barshim, gjekk dei ut i byen og filma litt frå bymiljøet, hus og skyskraparar – bilete til sendinga frå stemnet.
Det gjekk ikkje bra. Straks vart dei bedne om å skru av kameraet. Løyvet dei hadde fått – skrive på arabisk – gjaldt nemleg berre intervjuet, ikkje noko anna.
– Vi var dritnervøse
Neste dag reiste dei to ut til ein mindre by og skulle gjere stand up-opptak framfor nokre kamelar. Det tok to minutt, så var politiet på plass: Skru av kamera, elles kan de bli straffa med fengsel.
– Det enda med at vi filma med eit lite kamera, som ein turist. Vi var dritnervøse, det køyrde bilar forbi heile tida, og vi frykta å bli sett av hemmeleg politi. Vi var nærmast paranoide då vi tok dei siste bileta, seier Kim Peder Rismyhr.
NRKs Nils Fredrik Røren var i Doha i fjor i same ærend. Han fekk filme nokså fritt den gongen.
– Så det er tydeleg at dette er stramma kraftig inn siste året, seier Rismyhr.
Det har også andre fått erfare.
, og for berre nokre dagar sidan .Qatars forklaring på arrestasjonen av BBC-journalisten er at BBC gjorde eigne intervju i staden for å vere med på den offisielle turen, arangert av informasjonskontoret. Dermed gjekk dei inn på privat område utan lov.