– Ja, for 11 år sidan se eg for gøy at eg skal til Paralympics i 2016, seier 19-åringen til NRK. – Eg måtte berre finne ein idrett først, ler han.
I dag vart spådomen oppfylt: Andreas Bjørnstad vart teken ut til Paralympics i Rio. Det er 100 dagar til leikane tek til.
– Eg prøvde fleire idrettar, mellom anna fotball. Men det blei symjing, og det har eg aldri angra på, seier Bjørnstad.
– Det var eit godt val. Eg spela fotball før det, men det var det godt eg droppa, seier Andreas Bjørnstad.
Svelvik-guten fekk sitt gjennombrot i fjor med sølv både i EM og VM.
Og i dag fekk han Paralympics-billett saman med 34 andre.