– Det er veldig kjedeleg å ikkje koma til VM, men eg har ikkje hoppa so godt den siste perioden, seier Fannemel.
– Skal sjå VM på fjernsyn
I dag tidleg vart det klart kven som får representera Norge i VM i Val di Fiemme som startar seinare denne veka.
Anders Jacobsen, Rune Velta, Anders Bardal og Tom Hilde var allereie ganske sikre kort, den siste plassen stod mellom Anders Fannemel og Andreas Stjernen.
Sistnemnde kapra den siste VM-billetten, og dermed blir det trening på Lillehammer dei neste vekene for 21 år gamle Fannemel.
– Eg skal sitje heime og fylgje med, og so skal eg trena og prøva å koma i god form mot slutten av sesongen. Eg må berre jobbe hardt på trening dei neste vekene, seier han.
- LES OGSÅ:
Slit med sitjestillinga
Han slo for alvor gjennom førre sesong, då han hoppa ned til verdas nest lengste hopp gjennom tidene då han landa på utrulege 244,5 meter i Vikersund i 2012.
- LES OGSÅ:
Fannemel opna sesongen veldig bra, og fekk vera med i den tysk-austerrikske hoppveka i romjula og på nyåret. Men etter den gode sesongstarten har det ikkje gått like bra for Fannemel. Førre veke makta han ikkje å kome til finaleomgangen i Klingenthal.
– Ting snur veldig fort i skihopping, eg veit at det er nærme på å vera bra hopping, men det manglar eit par småting på teknikken som får store utslag for kor langt det går i bakken.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Eg har hatt litt problem med sitjestillinga, som gjer at satsen blir litt feil, slik at det blir for lite framdrift i hoppet. Eg blir ståande bak og presse i staden for å koma over skia. Men eg trur eg kunne fiksa det ganske fort om eg hadde fått hoppa VM.
Neste år er det OL i russiske Sotsji, og der har honndølen planar om å vera med.
– Eg veit at når eg hoppa bra, so er eg inne på laget. Eg har nok utvikla meg endå meir som skihoppar til neste år, seier Fannemel.
- LES OGSÅ: