Justyna Kowalczyk er uslåeleg i klassisk langrenn for tida, og var utilnærmeleg på sprinten i Asiago i Italia.
Kowalczyk leia frå start, og sjølv om avstanden minka mot slutten, var den polske veteranen klart best.
Maiken Caspersen Falla vart nummer tre. Det er sesongbeste for henne. Kari Vikhagen Gjeitnes enda sist i finalen, men det er likevel karrierebeste for henne.
– Ho gjekk veldig bra både i kvart- og semifinalen, og ho fungerte også bra i finalen. Ho prøvde å henge på Kowalczyk og klarte det til dels, men blei litt sliten på oppløpet, sa landslagstrenar Roar Hjelmeset til NTB.
Finske Anne Kyllönen kom på andreplass, 1,34 sekund bak Kowalczyk. Falla var 2,3 sekund bak.
– Eg likar klasissk sprint, og er sjølvsagt nøgd med løpet, sa Kowalczyk i sigersintervjuet rett etter målgang.
Ho har vunne alle fire klassiske langrenna i verdscupen denne sesongen. – No er det juleferie, sa ho, og fortalde at ho står over lagsprinten søndag.
Saka blir oppdatert!
Ingvild Flugstad Østberg hadde bestetid i kvalifiseringa, men vart slått ut i semifinalen. Kathrine Rolsted Harsem og Maria Nysted Grønvoll rauk ut i kvartfinalen.
Mari Eide klarte ikkje å ta seg videre frå prologen og blei nummer 35.