Det er duka for toppoppgjer i norsk eliteserie når Molde tek imot Rosenborg søndag.
Daniel Berg Hestad, Mr. Molde og mannen med flest fotballkampar på øvste nivå i norsk fotball, håper å setje farge på nok eit oppgjer mot erkerivalen frå Trøndelag.
For med siger mot Rosenborg på søndag kan Molde ta eit svært langt steg mot nytt seriegull.
Godt grep
– Dei har vore storebror i mange år, eg har tatt fem sølv bak dei – som har tatt gull heile livet, mimrar Berg Hestad.
Han omtalar oppgjera mot rivalen litt lenger nord som «spesiell».
– Det er artig slik utviklinga har blitt dei siste åra, der vi har tatt over. Forhåpentlegvis. Vi har eit godt grep om dei, det håper eg held fram på søndag, seier Molde-veteranen, før han legg til:
– Men det er alltid vanskeleg å møte Rosenborg.
No er det eit RBK med ny giv som kjem til Molde. Per Joar Hansen blei bytta ut til fordel for Kåre Ingebrigtsen, og i går slo dei Sligo Rovers og avanserte i europacupen.
– Fekk seg ein opptur
Molde på si side spelte ein transportetappe av ein kamp på vegen vidare mot gruppespel i europaligaen med 1–1 borte mot Gorica. Berg Hestad blei heime og kvilte – for å bli klar til kampen mot Rosenborg.
– Eg håper og trur det blir ein bra kamp, ein sjåverdig kamp med to lag som vil angripe. Rosenborg fekk seg ein opptur i går, kjem med ny sjølvtillit og ny trenar. Det blir spennande, meiner Molde-kapteinen.
I fjor vann Molde 1–0 over Rosenborg på Aker Stadion. I 2012 blei det 2–0 i favør dei blå og kvite. I 2011, 2010 og 2009 vann derimot Rosenborg.
Men vinden har snudd, Molde har dominert dei seinaste åra og leier no serien ni poeng føre RBK.
Trur Molde har kontroll
På tribunen under treninga på Aker Stadion fredag sat det fleire klubblegender. Tidlegare formann i klubben, Jon Hoem, trur på siger.
Samstundes trur han forandringane og RBK-oppturen får lite å seie.
– Trenarapparatet vi har gir blaffen i kva som skjer i Rosenborg. Dei tenkjer på seg sjølve og kva dei skal gjere. Og då kjem det av seg sjølv, meiner Hoem.