På ein kveld rauk heile fem eliteserielag ut for småklubbar frå lågare divisjonar. Heile sju av seksten lag frå øvste nivå er ferdige med NM for i år.
I trøndelag avgjorde Tom Rune Hønnås for Stjørdals-Blink frå nivå tre vann 2-1 mot Molde.
– Det er heilt sjukt. Mange av dei vi møtte spelte europacup seinast i fjor. At vi klarer dette er heilt fantastisk, seier Stjørdals-Blinks første målscorar, Jørgen Sollihaug til NRK.
– At vi i tillegg kjem tilbake etter at dei utliknar til 1-1 er heilt sjukt, legg Sollihaug til.
Solskjær tar sjølvkritikk
Molde-manager Ole Gunnar Solskjær tar all skuld for tapet.
– Eg er skuffa. Vi fortener ikkje å gå vidare. Det er eg som har lagt opplegget før kampen og har tydelegvis ikkje førebudd spelarane godt nok, seier Solskjær.
– Korleis?
– Vi reiste til kamp i dag. Vanlegvis reiser vi dagen før. Det er tett kampprogram i mai. Eg satsa på at det gjekk fint å reise same dag som vi spelte, men slik var det tydelegvis ikkje.
– Men det skal vel likevel ikkje vere mogleg å tape for eit lag som ligg på femteplass i 2. divisjon?
– Leicester vann Premier League også. Fotball er sånn av og til, seier Solskjær.
Skuffa Jonevret til NRK-journalist: – Idiotspørsmål
Viking leia lenge 1-0 mot 2.-divisjonslaget Vidar, men tapte til slutt 2-1.
Viking-trenar Kjell Jonevret var alt anna enn fornøgd etter cup-sjokket.
– Vi stiller med vårt sterkaste lag og får 1-0, men det er ein del spelarar som sluttar å springe når vi leier. I tillegg er Vidar-spelarane store og sterke, seier Viking-trenar Kjell Jonevret til NRK.
– Kor surt er det å ryke ut?
– J**** idiotspørsmål. Det er sjølvsagt veldig tungt å ryke ut. Det er ingenting positivt med dette, seier Jonevret.
– Vi er sløve
Lillestrøm har to strake sigrar i eliteserien, men blei for svake for førstedivisjonslaget Sandefjord, som vann 1-0.
Sogndal tapte 1-0 for Nest-Sotra. Kittiphong Pluemjai scora målet som sendte sogningane ut av cupen.
I Sandnes slo førstedivisjonslaget Sandnes-Ulf ut eliteserieklubben Start. Heimelaget vann til slutt 3-1.
– Vi er sløve og ubesluttsomme. Vi blir kriga i senk og er veldig skuffa over at vi ikkje klarer betre enn dette, seier Start-trenar Steinar Pedersen.
Desse eliteserielaga er ute av cupen:
Brann, Aalesund, Molde, Start, Sogndal, Lillestrøm og Viking.
Resultater i tredje runde av cupen:
Asker – Odd 2-3
Bærum – Stabæk 0-3
Nardo – Rosenborg 1-4
Nest-Sotra – Sogndal 1-0
Sandefjord – Lillestrøm 1-0
Sandnes Ulf – Start 3-1
Stjørdals-Blink – Molde 2-1
Tromsdalen – Tromsø 2-3
Vidar – Viking 2-1
Vindbjart – Strømsgodset 1-2
Åsane – Haugesund 1-4
Kongsvinger – Strømmen 1-1 e.o. (4-3 på straffer)
KFUM Oslo – Vålerenga 0-2