– Eg meiner Marte er betre rusta enn meg til å gå den sisteetappen. Slik vi stiller no har vi sjanse til å vere med i medaljekampen, seier Eckhoff.
Sist Norge tok steget opp på pallen i ein kvinnestafett var bronsen OL i Sotsji i 2014, med Tora Berger som ankerkvinne.
Slik stiller det norske laget:
- 1. etappe: Synnøve Solemdal
- 2. etappe: Fanny Horn Birkeland
- 3. etappe: Tiril Eckhoff
- 4. etappe: Marte Olsbu
Spent debutant
Marte Olsbu fekk sitt gjennombrot då ho gjekk ein strålande førsteetappe på mixed-stafetten på VMs opningsdag. No skal ho gå den siste etappen for første gong.
– Eg vart litt nervøs då eg fekk beskjeden i går og eg vart overraska. Men no har eg fått roa meg og eg gler meg. Det er kult at vi tørr å gjere det. Eg måtte tenke litt på det før eg bestemte meg, men alle var positive til det, seier den nye ankerkvinna.
Før uttaket hadde dei norske løparane hektisk møteverksemd. Olsbu seier ho aldri hadde sagt ja til å gå etappen, om ikkje dei andre jentene på laget hadde hatt trua på ho.
– Marte har tidlegare ikkje vore sterk nok i løypa til å henge med på ein sisterunde, men no er det fysiske på plass. Då er det ingen problem å sette ho på sisteetappe, seier landslagstrenar, Stian Eckhoff.
- Les også:
Å sleppe unna sisteetappen tok Tiril Eckhoff med knusande ro.
– Eg syns det er herleg. Johannes er den beste av gutane og han går jo tredjeetappar, så då satsar eg på at eg kan gjere som han og vere offensiv og få laget med i tet, seier Eckhoff om å gå tredjeetappe, i staden for som ankerkvinne.
Ingen pallplass med Eckhoff på siste
På sju forsøk dei to siste sesongane har ikkje Norge klart å ta steget opp på pallen, med Eckhoff som ankerkvinne. Sist gong det var stafett var i Anterselva. Der enda 25-åringen i strafferunden på den siste skytinga.
– Vi har ingenting å tape. Vi har gjort det ganske dårleg på stafett i år, og no må vi berre «gunne på», seier Eckhoff om dei norske sjansane.
Torsdag trente dei norske jentene på skyting i Kollen-tåka, etter at dei skaut 19 bom på normaldistansen.
– Det er mykje logikk i det dei gjer med å sette Solemdal som er den svakaste i sporet på første etappe, og Olsbu som er best på ståande på sisteetappe. Men det er eit oppsett dei aldri har prøvd før, og det er ein risiko med det, seier NRKs ekspert, Halvard Hanevold.