– Alle trønderar veit vel kva 19F på Gardermoen er. Det er eit helvete. Eg er veldig glad eg slepp det nå.
Tiril Echkoff sit i graset utanfor Olympiatoppen og gliser. Det er det huset, og ikkje flyplassgaten, som er den viktigaste grunnen til avgjerda ho nå har tatt.
Fem år i Trøndelag, der 25-åringen har studert til å bli sivilingeniør på NTNU, var nok.
– Eg har vore heilt aleine i Trondheim, spesielt på skytebanen har eg gjort alt sjølv. I Oslo kan eg få mykje tettare oppfylging, spesielt her på Olympiatoppen. Det er kanskje det beste med å flytte.
Håpar å trene med Johaug og Østberg
Det har gått to månader sidan gullrusen i Holmenkollen, der Tiril tok to gull mot alle odds. Etter VM var gulljenta sliten, småsjuk og utlada. Verdscupavslutninga i Russland sto ho av og tok ein tidleg ferie.
– Eg var utslitt, men mest av alt hadde nådd dei viktige måla eg hadde sett meg. Da frista det ikkje å reise til 15 minus og Russland, men heller ligge på sofaen hos mamma og pappa, flirer ho.
Sidan da har gulljenta kobla av med ferie i Bardufoss og Athen.
– Eg har ikkje verdas beste form akkurat nå, men håpar eg har brukt nok tid til å kople av. Nå har eg sett meg nye mål og håpar å vere stabil gjennom heile sesongen.
Det er der flyttinga til heimlege trakter kjem inn.
– Eg trur det kan gjere meg betre. I Oslo får eg meir matching og betre oppfylging. I tillegg slepp eg den ekstra flyreisa når eg skal heim frå verdscupkonkurransar. Kanskje eg kan snike meg med Therese, Marit og Ingvild på nokre økter også, smiler Eckhoff.
– Dei er heilt rå
Det er akkurat det skiskyttaren har gjort i dag. Saman med Ingvild Flugstad Østberg og fleire av langrennsjentene var ho ute på langtur på rulleski i Maridalen.
– Me har mykje å lære av dei. Dei er for eksempel veldig konsekvente på tid, når klokka er åtte så går dei. Dei er heilt rå på sånne ting, der har me ein del å lære, men eg trur også dei har ein del å lære av oss når det gjeld kvalitet, når me fyrst trenar så trenar me godt.
Ingvild Flugstad Østberg set pris på øktene med Eckhoff.
– Me har trent litt med Tiril før og det er alltid veldig bra. Ein snakkar om faglege ting og ikkje så faglege ting. Eg kan lære mykje av ho, og ho kan forhåpentlegvis lære av oss også, seier Østberg.