Tidleg fredag føremiddag bekrefta fleire kjelder til NRK at Djupvik er mannen Coop ønskar som trenar for Northug. No fortel den tidlegare trenaren om samtalane med matvaregiganten.
– Eg blei først kontakta av Petter (Northug) med ein førespurnad om eg kunne bidra på trenarsida. Det er i seg sjølv interessant. Etter det har eg vore i møte med Coop. Dei ville høyre kven eg er med bakgrunn i samtalar eg har hatt med Petter, seier Morten Aa Djupvik til NRK.no.
Vil ikkje flagge comeback enno
Northug tok ni internasjonale meisterskapsgull i tida med Djupvik som landslagstrenar. Djupvik slutta på landslaget i 2011 av hensyn til familien.
Snart kan 39-åringen vere tilbake i langrenssirkuset.
– Eg synst det er veldig moro å jobbe med langrenn. Det å kunne jobbe med Petter på treningssida ville vore veldig spennande. Men i det siste har det ikkje vore nokon progressjon i samtalane på grunn av saka som pågår mellom Coop og Nye Høyder, seier Djupvik.
Torsdag kveld blei det kjent at Coop krev at Petter Northug bryt med sine viktigaste støttespelarar i Nye Høyder - mellom andre manager og kamerat Are Sørum Langås.
Northug bekrefta seinare - via Coop - at han går med på kravet.
Dermed må skistjerna danne eit nytt team av støttespelarar før neste sesong.
– Isolert sett ville det vere spennande å jobbe med Petter, men eg har ikkje gjort meg opp nokon meining om eg ønskar det eller ikkje, seier Djupvik.
- LES OGSÅ: Manageren bekreftar konflikt med Northug
– Har oppskrifta på Petter-suksess
NRK veit at Djupvik var i samtalar med Coop før Petter Northugs fyllekøyringsskandale tidlegare i mai. Det vitnar om lang tids misnøye med støtteapparatet frå sponsor Coop.
Djupvik påpeiker at det en ikkje er snakka om detaljane i ein potensiell trenarjobb.
– Eg har ikkje fått kontraktsforslag og vi har ikkje diskutert noko innhald i ein eventuell avtale.
– Når må ei avgjerd vere tatt for din del?
– Det har eg ikkje tenkt så nøye på. Det viktigaste er at Petter er i trening igjen. Det kan eg bekrefte at han er. Så trur eg ein bare må ta den tida det treng for å stable det beste teamet på beina.
– Petter har fått kritikk for at han har for mange «ja-menneske» rundt seg og at han treng folk som går inn og stiller tøffe krav. Er du ein person som kan stille tøffe krav?
– Det meiner eg absolutt. Eg vil sjølvsagt vere avhengig av å ha andre folk rundt meg i teamet. Sist eg og Petter arbeida saman fann vi ein god formel for korleis eg skulle utfordre han og finne den beste løysinga, seier Djupvik.
– Viktig å få Petter til å forstå korleis han skal komme tilbake
– Kjem du til å stille livsstilskrav til Petter for at han skal komme tilbake igjen?
– Petter veit sjølv kva som skal til for å komme tilbake og bli verdas beste langrennsløpar. Det som blir viktig er å få han til å forstå korleis han skal komme tilbake. Det nyttar ikkje å tre krav over hovudet på Petter. Han må bli «trigga» sjølv. Om han får dei rette utfordringane kjem han til å ta dei og gjere noko for å bli ein bedre skiløpar, seier Aa Djupvik.
SJÅ VIDEO: Morten Aa Djupvik ser tilbake på tida som trenar for Petter Northug på det norske landslaget