Men i semifinalen måtte Djokovic slite lenger enn nokon annan finalist nokon gong har gjort.
4 timar og 44 minutt varte kampen mot Juan Martin del Potro før den topprangerte serbaren kunne kvittere ut billetten til sin 11. grand slam-finale. Sifra var 7-5, 4-6, 7-6 (7/2), 6-7 (6/8), 6-3.
Det er 43 minutt lenger enn då Boris Becker slo Ivan Lendl i 1989.
– Dette var ein av dei beste kampane eg nokonsinne har vore med i, og garantert ein av dei mest spennande. Det var så jamnt at eg ikkje trudde det kunne bli skilnad på oss, sa Djokovic.
Djokovic hadde to matchballar i fjerde sett, men del Potro avverga dei begge og tvinga fram eit femte sett.
– Då var eg skuffa. Eg var så nær og klarte ikkje å fullføre. Han var pressa, men svarte med nokre gode forehand-slag. Dette var tennis på sitt beste, sa Djokovic.
I finalen søndag møter han Andy Murray, som slo Jerzy Janowicz 7-6 (2/7), 6-4, 6-4, 6-3).
Finalen kan du sjå på NRK1 og NRK.no søndag frå klokka 15.00.