Hopp til innhold

Det store hamskiftet

ANALYSE: I tretten serierundar såg Bodø/Glimt ut som ein soleklar dumpekandidat. Sidan har dei vore uslåelege. Kva har hendt?

Bodø/Glimt vant 5-1 over Start. Reporter: Fredrik Stuve, foto: Øystein Nygård og redigering: Andreas Molland.

Laster innhold, vennligst vent..

Første gong eg såg Bodø/Glimt i aksjon denne sesongen, var mot Molde heime på Aspmyra i andre serierunde, ein kamp Jan Halvor Halvorsens menn tapte 1-3.

Isolert sett var det naturlegvis ingen katastrofe å gå på ein smell mot dobbelmeistrane frå 2014, og naturlegvis bør heller ingen felle kategoriske dommar etter kun to rundars spel, likevel var eg, arrogant som eg er, skråsikker i mi sak: Glimt rykkar ned!

Årsaka til at eg våga å felle slik ein nådelaus dom, var først og fremst det eg opplevde som surrealistisk svak samhandling defensivt.

Vi likar å tru at alle norske trenarar beherskar kunsten å drille eit soneforsvar, men Halvorsen må rett og slett ha gløymt det, tenkte eg.

Glimt sleppte inn flest mål (60) av samtlege lag i fjorårets eliteserie, og dette hadde dei tenkt å halde fram med i årets sesong, såg det ut til.

Svak start

Frå seriestart til og med trettande serierunde makta dei gul-gule kun å halde nullen ei einaste gong, nemleg i den nord-norske derbysigeren over Tromsø 16. mai.

Dei tok totalt åtte poeng og tilbringja heile perioden under den frykta streken (med unnatak for eit intermezzo etter ellevte runde då dei var oppe på kvalikplass).

Dei sleppte inn trettito mål, korav fjorten i kampane sine respektive første halvtimar – ein ekstraordinær statistikk som gav inntrykk av at mannskapet til brumlebassen frå Bamble leid av eit akutt konsentrasjonsproblem.

Vanskeleg var det å tru at ein fighter som Halvorsen lét karane sine gå på banen utan å vere mentalt forberedt på kamp, men slik såg det unekteleg ut. Alt tyda på at min dystre spådom ville slå til.

Uventa og underleg

Men så hende noko som var like uventa som det var underleg: Glimt vann ein bortekamp! Dét hadde ikkje hendt på ti månader, og at det lukkast mot medaljejagande Vålerenga under Kjetil Rekdal – ein trenar som aldri før hadde tapt mot bodøværingane på eige gras – gjorde ikkje saka verre.

Sidan har Glimt gått frå triumf til triumf, og mellom anna notert seg for tre poeng mot både regjerande meister Molde og komande meister Rosenborg.

Dei har fem sigrar på rad før kveldens kamp. Kun Stabæk (6) har ei lengre rekke å vise til i årets eliteserie.

Ein må følgjeleg spørje: Korleis har dette gått til? Og ein må svare: Bodø/Glimt har byrja vinne fordi dei har skjerpa seg i forsvar.

På dei tretten første kampane sleppte dei inn nær 2,5 mål i snitt.

På dei fem siste er snittet 0,6. Dei scorar ikkje veldig mykje meir enn før – i underkant av 1,5 i snitt på dei tretten første kampane kontra 1,6 på dei fem siste – men har altså byrja halde tett bakover.

bodø

Bodø/Glimt-fansen kunne juble over nok ein siger.

Foto: Torbergsen, Mats / NTB scanpix

Endeleg favorittar

Ville denne unekteleg særs gunstige trenden halde fram i kveldens kamp mot Start? Makrellfotballens muntre misjonærar har hatt ein heller traurig sesong, og sto med tre strake tap.

For første gong på lenge måtte Glimt altså finne seg i å vere nokså klare favorittar før kampstart: Korleis ville dei takle det?

Historisk er uavgjort det vanlegaste resultatet mellom desse to klubbane – elleve av tjuesju oppgjer i toppdivisjonen har endt med poengdeling, inkludert kampen på Sør Arena tidlegare i år.

I sistnemnte batalje kom begge lag sine mål i løpet av dei første åtte speleminutta. Her måtte vi vente heilt til det tiande minuttet før unge Lars Jørgen Salvesen fekk hól på den vidgjetne byllen for Start.

Horribel start

Den uhyre talentfulle Kristoffer Ajer – som opererte i ei bortimot fri rolle i luka mellom midtbane og angrep – tråkla seg nedover langs venstrekanten og serverte ein lekker cross inn foran mål, kor ein underleg einsam Salvesen enkelt kunne styre ballen i nettet med pannebrasken.

Her var Glimt-forsvaret attende til gamle synder frå i vår. Konsentrasjonen svikta totalt. Publikum fraus på ryggen. Berre ein gong tidlegare denne sesongen har Glimt tatt tre poeng etter først å ha kome under.

Til gjengjeld kunne ein jo trøyste seg med at Start, i lag med Sandefjord, er det eliteserielaget som har tapt flest kampar – 3 – etter først å ha tatt leiinga.

Og sanneleg! Knapt to minutt etter Salvesen si scoring var det balanse i rekneskapet: Som son av mannen enkelte har kalla «verdas beste møtande spiss» må Alexander Sørloth finne seg i at det vert fokusert på kvalitetane hans med ryggen mot mål – her synte han at han óg har rettvende kvalitetar: Eit innlegg i litt ugrei høgd frå Zarek Valentin vart fint ekspedert i mål med venstrefoten.

Lag i medgang har flaks

Resten av omgangen vart jamn. Norske lag er sjeldan dyktige til å styre kampar, og her sleit begge lag tungt med å få oppgjeret inn i sitt føretrekte spor.

Start hadde flest sjansar, Bodø/Glimt den største, då berre årvåkent keeperarbeid av Håkon Opdal hindra Trond Olsen i å score. Men Olsen skulle få sin revansj!

Om det verkeleg er slik, er vanskeleg å bevise, men som fotballentusiast lever ein jo med kjensla av at lag i medgang har ein tendens til å ha flaks, og lag i motgang det motsette. Slik var det óg på Aspmyra i kveld.

Ingen kunne ha sagt det var det minste urettferdig viss bortelaget hadde hatt uavgjort eller til og med leia kampen til pause, men på overtid takla Espen Børufsen unge Sørloth så det song, og dommaren dømte frispark, ei avgjerd Børufsen gav uttrykk for at han fann det svært tungt å måtte godta.

Total forvirring

Trond Olsen hadde sendt eit frispark høgt over eit par minutt i førevegen. Denne gongen hadde han ikkje til hensikt å misse. Med strak vrist klinka han ballen forbi ein svært forbausa Start-målvakt.

Dermed var omgangen over, og utan at det var mogleg å vite det på det dåverande tidspunkt, var kampen óg i realiteten avgjort.

Fotball er ikkje berre teknikk og taktikk, det er óg eit psykologisk spel: Med sin susar frå atten meters hald meddelte Olsen Start-laget at Glimt kom til å vinne denne kampen.

Då dei kom ut til andre omgang, verka det som om sørlendingane var heilt innforståtte med dette. Der dei før pause hadde opptrått med ein viss entusiasme og disiplin, virra dei no ikring i ein tilstand av tilsynelatande total forvirring.

bodø glimt feirer

Alexander Sørloth feirar scoring saman med Trond Olsen og Dominic Chatto.

Foto: Torbergsen, Mats / NTB scanpix

Sørloth med fire mål

Det var underleg å vere vitne til. Glimt kontrollerte no kampen. Dei posisjonerte seg intelligent, vann kvar duell og viste fram dei kvalitetane dei har i laget, som har gjort det mogleg å snu ein sesong som såg ut til å vere lagnadsbestemt til å ende med sportsleg undergang.

Tjue minutt ut i omgangen scora Sørloth sitt andre for kvelden. Ti minutt seinare scora han sitt tredje. Og på overtid fekk Glimt straffespark.

Tremålsscoraren tok det og vart dermed firemålsscorar. Far Gøran var ein av Noregs fremste angriparar gjennom alle tider, men eg veit ikkje om han nokon gong scora fire mål i ein og same eliteseriekamp.

Så var det over. For første gong hadde Bodø/Glimt vunne seks kampar på rad i vår øvste divisjon. Laget som tilbringja sesongens første halvdel i nedrykksgjørma, befann seg brått på øvre halvdel av tabellen. Dei har til og med fått fart på målproduksjonen. Alt er såre godt.

Eg for min del har lært at eg skal vere forsiktig med å spå om framtida, men vågar likevel å spå at årets første Glimt-spådom frå mi side vil vise seg å ikkje halde vatn.

Siste nytt

  • Botheim matchvinner etter at «Tokki» mistet hodet

    Tokmac «Tokki» Nguen mistet de siste sju minuttene av storkampen mellom Djurgården og Malmö etter at han fikk rødt kort. Så ble Erik Botheim helten på overtid.

    – Det var en kjempetøff kamp med høy temperatur. Vi visste at det var marginer som ville avgjøre det, sa Botheim til Discovery og fortsatte:

    – Det er dritdeilig. Overtidsscoring borte mot Djurgården, får man noe deiligere enn det?

    Kampen tok fyr i sluttminuttene med en nordmann på hvert sitt lag i hovedrollene.

    I 82. spilleminutt på stillingen 0-0 var Nguen på vei gjennom, men ble stoppet av Malmö-forsvarer Derek Cornelius.

    Cornelius jublet hemningsløst over Nguen, som svarte med å løpe ned canadieren og fikk raskt det røde kortet.

    Det skulle vise seg å bli skjebnesvangert for vertene, for ti tre minutter på overtid stanget Botheim inn matchvinnerscoringen for Malmö. (NTB)

    Fotboll, Allsvenskan, Djurgården - Malmö FF
    Foto: BILDBYRÅN
  • Arne Slot: – Jeg vil til Liverpool

    Feyenoord-trener Arne Slot legger ikke skjul på ønske om å bli Jürgen Klopps etterfølger som Liverpool-manager.

    – Det er ingen hemmelighet at jeg vil til Liverpool, iser Slot til ESPN like før Feyenoords kamp mot Go Ahead Eagles torsdag kveld.

    – Feyenoord og Liverpool er i forhandlingssamtaler. Jeg venter på hva som kommer ut av det. Jeg er selvskikker, og venter på at klubbene skal komme til enighet, fortsetter Slot.

    Nederlenderen har de siste dagene blitt sterkt koblet til Liverpool-jobben når Klopp forsvinner etter sesongen.

    Den nederlandkse storavisen De Telegraaf har skrevet at Feyenoord kan kreve opptil 15 millioner euro for Slot, som har en kontrakt med klubben som går ut sommeren 2026.

    Liverpool-kaptein Virgil van Dijk har snakket varmt om landsmannen som en potensiel manager.

    – Jeg synes han spiller på en måte og med en sånn filosofi at han kunne vært Liverpool-manager. Vi får se. Neste år kan vi fokusere på det, sa van Dijk til nederlandske Viaplay onsdag.

    Arne Slot
    Foto: Russell Cheyne / Reuters
  • Vålerenga-spissen slo tilbake i enkel cupseier

    Vålerenga hadde få problemer mot 3.-divisjonsklubben Oppsal og gikk videre til 3. runde i cupen etter 4-0-seier. For Mees Rijks ble det en liten revansj etter helgens utvisning mot Lyn.

    Rijks ble slaktet av egen sportssjef etter sitt røde kort i helgens byderby. Nederlenderen ble utvist på stillingen 1-0 til VIF, og kampen endte til slutt 1-1.

    Torsdag fikk Rijks æren av å score Vålerengas siste i 4-0-seieren mot Oppsal.

    – Det har ikke vært lett de siste dagene siden det røde kårtet. Sånn er spillet. Det har vært en spesiell uke, sier Rijks til TV 2.

    Tidligere i kampen hadde Jones El-Abdellaoui, Vegar Eggen Hedenstad og Aleksander Hammer Kjelsen scoret Vålerengas tre første mål.

    Neste uke får Vålerenga besøk av Tromsø i cupens tredje runde.

    De to siste eliteserielagene var også i aksjon torsdag kveld. Med Fredrikstad og Sarpsborg 08 sine avensement røk ingen av de 14 gjenværende klubbene fra øverste nivå ut i andre runde.

    Fredrikstad tok seg videre etter 5-2-seier mot Eik Tønsberg. Laget fra Plankebyen får besøk av Rosenborg i neste runde.

    Sarpsborg 08 gjorde jobben med sin 2-1-seier mot Hønefoss. Østfold-laget møter Råde borte i runde tre.

    NM i fotball 2024: Oppsal - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal