Måndag kveld kan Leicester vinne Premier League utan å spele kamp.
Serieleiaren er avhengig av at Tottenham ikkje avgir poeng til Chelsea.
Ser ein utelukkande på statistikken er det lettare sagt enn gjort for Spurs å vinne på bortebane mot dei blå.
Tottenham har ikkje vunne ein ligakamp på Stamford Bridge sidan 1990.
Då stod tidlegare landslagskeeper Erik Thorstvedt i mål for Spurs.
– Den gangen var grasmatta på Stamford Bridge omringa av ein veddeløpsbane for hundar. Du kunne også parkere bilen din rett ved banen, seier David Howells til The Telegraph. Han scora sist gang Spurs vann borte mot Chelsea.
Med andre ord: Det har skjedd mykje på 26 år.
Tottenham fekk riktig nok ein ligacuptriumf mot sine blå rivalarar i 2008, men det er også ei god stund sidan.
Om historikken har så mykje å seie når kampen blir sparka i gang er usikkert.
Sikkert er det i alle fall at heile Englands fotballpublikum vil ha augene retta mot oppgjøret der Leicesters einaste tittelrival ikkje har råd til å gjøre feil.
– Tottenham blir påverka av presset
Ein høg og mørk Chelsea-manager Guus Hiddink presset blir for stort for fleire av motstandarens menn.
– Enkelte spelarar kan bli nervøse og vil underprestere. Leicester er fryktlause, men Tottenham-spelarane blir nok påverka av presset som fører med det å henge med i tittelkampen, seier Hiddink til goal.com.
– Vi skal ikkje gjøre mykje ut av dette. For oss er det bare ein kamp mot Tottenham, legg han til.
Men sjølv om Chelsea har hatt ein mislukka sesong er det ikkje «bare» ein kamp for fansen.
«Sjå til h****** å slå Tottenham,» sang supporterane etter triumfen over Bournemouth i førre runde. Eit tap i kveld vil toppe eit fotballår der det meste har gått gale.
Også her klamrar den blå fansen seg til statistikken. Chelsea tapte riktig nok førre heimekamp mot Manchester City, men har ikkje gått på to strake heime-nederlag i serien sidan 2011.
Vil ikkje sjå oppgjøret
At Tottenham-spelarane skjelver i beina før opggjøret som kan avgjøre Premier League blir tilbakevist av manager Mauricio Pochettino.
– Motivasjonen for å slå Chelsea er ekstrem, seier Pochettino til The Telegraph.
Nerver er det i alle fall i Leicester-leiren. Manager Claudio Ranieri har bestemt seg for å ikkje sjå kampen (sjå video i klippet under).
Ein som må sjå oppgjøret er Tottenhams Dele Alli, som er ute med suspensjon. At Spurs ikkje får bruke årets unge spelar i Premier League er ingen fordel i tittelkampen.
Men, til Tottenhams forsvar: Dei kvitkledde frå London har ikkje tapt på sju ligakampar. Til samanlikning: Chelsea har tapt to av dei tre siste oppgjøra.