Det internasjonale bokseforbundet har opna for at proffboksarar kan delta i OL, som betyr at Brækhus kan bli eit sårt tiltrengt medaljehåp for Norge i Brasil.
– Eg utelukkar ikkje OL, sa Cecilia Brækhus til VG før møtet med Chris Namus.
Men rundt 150 dagar før leikane går i gang tyder det meste på at boksedronningas veg mot OL-gull blir for tøff.
1. Cecilias vektproblem
- Sist Brækhus gjekk i ringen hadde ho ei vekt på 66,6 kilo. Skal ho bokse i OL må ho enten gå kraftig ned eller eit stykke opp i vekt.
For 34-åringen vil valget stå mellom to vektklassar:
- Lettvektsklassen: 57-60 kilo
- Middelvektsklassen: 69-75 kilo
Allereie her blir ho nærast sjanselaus, meiner NRKs bokseekspert Anders Werner Øfsti.
– Ho hamnar mellom to stolar. Skal ho ned til 60 kilo vil ho tape styrke. Det er veldig tungt å gå ned nesten ti prosent av si eiga kroppsvekt, seier Øfsti.
– I tillegg vil ho møte regjerande OL-vinnar Katie Taylor, som etter mi meining vil vere favoritt mot Brækhus i den vektklassen, seier Øfsti.
Endå verre kan det bli for Brækhus å kjempe i middelvektsklassen (69-75 kilo).
– Ho vil møte damer som normalt veg 80 kilo, som har pina seg ned i 75 kilo. Damene i denne klassen blir truleg for store og sterke for Brækhus. I tillegg må dei ikkje miste like mange prosent av kroppsvekta si for å bli kampklare, seier Øfsti.
2. – Trenarteamet får ikkje bli med
- Boksedronninga må truleg bryte med trenarteamet i ein periode for å kunne satse mot OL.
Norges Bokseforbund krever nemleg at ho må vere underlagt forbundets trenarar og leiarar for å kunne delta i Rio.
– Du må vere godkjent AIBA-trenar for å kunne stå i hjørnet under OL. For å bli AIBA-trenar må du gjennomføre eit to år langt kurs. Det antar eg at ingen i hennar proff-team har, seier styremedlem i Norges Bokseforbund, Frank Robert Walstad.
Men det er mogleg å forhandle seg fram til å kunne ta med ein trenar med begrensa makt, fortel Walstad.
– Det kan vere mogleg å få med ein av hennar trenarar saman med ein norsk landslagstrenar. Men her er det reglar og grenser for kor mykje trenaren utan AIBA-lisens kan involvere seg, fortel Walstad.
I tillegg må Brækhus melde seg inn i ein norsk klubb og bli ein del av Norges Bokseforbund.
3. Tøff motstand i kvalifiseringa
- Brækhus må gjennom ein kvalifiseringsturnering i juni for å bokse i OL. Her blir det tøffare å sloss enn i proffsirkuset, meiner Øfsti.
– Det blir som å få ein kamel gjennom eit nålauge. Det er mange konkurrentar, få plassar i OL og eit ekstremt høgt nivå. Her snakkar vi ikkje skiskyting eller langrenn. Her snakkar vi verdas kanskje største idrett, seier Øfsti.
Ifølge Walstad i bokseforbundet er det cirka 27000 lisensierte boksarar på kvinnesida. Bare eit fåtal av desse høyrer til proffboksinga.
– Det er mange fleire amatørboksarar på høgt nivå enn det er hos proffane. Proffboksing er ikkje som fotball der bare dei beste blir proff. Norge har for eksempel fleire mannlige proffboksere. Ingen av dei har nokon gang hevda seg i verken VM, EM eller OL, seier Øfsti.
4. Kortare rundar, høgt tempo og hjelmtvang
- Ein proffkamp varer i ti rundar der ein runde varer i to minutt. Ein OL-kamp er kun fire rundar lang, med to minutt for kvar runde.
Her kan Brækhus få ei utfordring med tempoet og tida, trur Øfsti
– Ho må bruke tid på å endre stil. Slagfrekvensen må bli høgare fordi det blir slått fleire slag på kortare tid i OL-formatet, seier Øfsti.
Omstillinga kan bli problematisk.
– Det vil vere uvant for ho med så kjappe motstandarar, fortel Øfsti.
– Brækhus har heller ikkje eit enormt knockout-slag. Det har OL-favoritt Katie Taylor. Brækhus har kun sju knockouts på 28 kampar mot fleire relativt dårlege motstandarar i proffringen, legg han til.
Skal verdas beste proffboksar stille i OL må ho gå i ringen med hjelm. Nyleg vedtok Den internasjonale olympiske komité at kun menn kan bokse utan hjelm, men kvinnene får ikkje ta beskyttelsen av.
– Eg trur det vil vere ubehageleg for ho å bokse med hjelm etter mange år i ringen utan, seier Øfsti.
5. – Faren for å tape kan skremme Brækhus
- For svært mange idrettsutøvarar er kampen om OL-gull det aller største. Men Brækhus, som aldri har tapt ein proffkamp og som innehar alle fire verdsmeisterbeltene, risikerer ei ripe i lakken dersom ho taper konkurransen om den gjevaste medaljen.
Truleg er det få eller ingen idrettsutøvarar i OL som set meir marknadsverdi på spel enn ein verdsmeister i proffboksing.
– Ho risikerer å tape for første gang etter at ho blei proffboksar. Er ho villeg til å delta og sette kommersiell verdi på spel? spør Walstad retorisk.
Øfsti trur ikkje Brækhus ser på OL-gull som større enn VM-beltene i proffboksing.
– Beltene Brækhus har vunne har minst like stor marknadsmessig verdi som eit OL-gull. Dersom Cecilia skulle ha boksa i OL, er det bare fordi det er gjevt for ho å ta eit OL-gull. Det er ikkje meir pengar å hente der. Det er ikkje mykje pengar å tene utanfor proffboksinga, seier Øfsti.
Bokseforbundet: – Ho må komme til oss
Norges Bokseforbund har ikkje snakka med Brækhus om mogleg OL-deltaking.
– Vi vil ikkje gå i direkte kontakt med Cecilia. Ho må ønske det sjølv. Det må komme frå hjartet. Ho må sjølv avgjøre om ho vil vere med på dette, seier Walstad, som understrekar at det ville vore veldig stort å sjå Brækhus bokse for gull under leikane.
Toppidrettssjef Tore Øvrebø vil gjerne ha med Brækhus, men er usikker på om ho kan bidra i medaljekampen for Norge.
– Dersom desse boksarane er klarert og kvalifisert for OL, så vil vi jobbe med dei.
– Ho vil jo vere ein medaljekandidat...
– Veit vi det? Er ho det? Ho må gjennom ein kvalifisering. Vi aner ingenting om forholdet mellom proffboksing og amatørboksing, seier Øvrebø.
Cecilia Brækhus vil ikkje uttale seg om potensiell OL-deltaking før ho er tilbake i Norge seinare denne veka.