– Ho er eit unikt talent, heilt rå i hovudet og viser ingen respekt for motstandarane sine på banen, seier trenar Ole-Petter Henriksen.
Han fortel om jenta som imponerte alle før dei store friidrettsstjernene slapp til på Bislett Games tidlegare denne månaden. Malin Edland har kanskje hamna litt i skuggen av eitt
år yngre Jakob Ingebrigtsen som har levert usedvanleg sterke tider og blei den yngste deltakaren under Bislett Games nokosinne.
Kvalifisert til fire meisterskap
Men i skuggen er det ingen grunn til at jenta frå Svarstad i Vestfold skal vere.
LES SAKA: Jakob (14) på høyde med kenyanske supertalenter
Faktum er at då 16-åringen sprang inn til pers med over fem sekund på tida 2.03.44 under forøvingane under Bislett Games blei ho den nest raskaste under 18 år på 800 meter i verda i år.
Tida er også den ellevte beste på distansen av norske kvinner gjennom tidene, aldersrekord for 16-årsklassa og ville ha blitt det same i dei to klassene over.
– Eg tenkte eigentleg ingenting. Det var litt rart eigentleg, eg høyrde ikkje publikum ein gong. Eg ville berre bli ferdig med det, så eg sprang alt eg kunne og stivna skikkeleg. Men det synest eg er gøy, ler ho når ho fortel om sin største konkurranse hittil.
Så gøy har ho hatt det på banen denne sesongen at ho nå er kvalifisert for både U18-VM, U20-EM, U23-EM i tillegg til EYOF (Europeisk olympisk ungdomsfestival) i sin eigen årsklasse.
Vurderer ikkje VM
Men det er berre i sistnevnte meisterskap i Georgia Edland blir å finne på startstreken. Norsk friidrett har nemleg bestemt at det kun er 17-åringar som skal delta i junior-VM, men det har 16-åringen ingen problem med.
– Det er morsomt å vite at eg kunne ha vore med der, men eg synest det er heilt greitt å konsentrere seg om eitt meisterskap. Det er same kor eg spring, berre eg får sprunge.
Trenaren hennar i Larvik turn er heilt einig og er oppteken av at Svarstad-jenta ikkje skal oppleve prestasjonspress.
– Ho skal få vere 16-åring og ikkje tenkje for mykje på tider og resultat.
– Men viss eg spør kor langt du trur ho kan nå, kva svarer du da?
– Då vil eg berre seie langt, humrar Henriksen.
Kan vere ei av dei neste store
NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal trur Edland saman med Jakob Ingebrigtsen kan vere ei av våre største friidrettsstjerner alt om tre år.
– Ho kan bli kor god som helst. Men det treng ho ikkje ha fokus på no. Malin gjer tydelegvis mykje riktig og må halde fram med den gode treningsjobben ho gjer no.
Rodal meiner det er ein lur strategi at Edland vel å konsentre seg om eitt meisterskap og ikkje ein gong vurderer junior-VM i Colombia.
– Det er lurt å matche ho forsiktig. Ho kan heller glede seg til mange meisterskap i åra framover, seier friidrettseksperten.