Den unge sykkelprofilen frå Danmark, Julie Leth, stakk av med heile showet då ho for første gong deltok i Nordsjørittet i år.
Det blei eit spurtoppgjer mellom Leth og Gunn-Rita Dahle Flesjå, der 21-åringen trakk det lengste strået. På tida 3.09.52 var ho inne tre sekund før Gunn-Rita.
- Følg Nordsjørittet direkte her
- Les òg:
– Eg er ikkje landevegsryttar, og ikkje vand med å spurta, seier Gunn-Rita like etter at ho kryssa målstreken.
– Eg får skulda på alderen, legg ho til med eit glimt i auga.
– Fantastiske forhold
– Er det slik at alderen pregar deg?
– Eigentleg ikkje så mykje meir enn at når eg trenar nå, er det også for å få overskot til å vera ei mor. Det er noko som har endra seg frå tidlegare.
For det er ein del år mellom den norske sykkelstjerna og den 21 år gamle dansken. Likevel er ho ikkje ei kven som helst innan sykkelverda.
Leth er verdsmeister på bane, og har blitt danmarksmeister i landevegsritt. Nå syklar ho for Team Hightech Products.
– Det er alltid kjekt å vinna. Det var eit fantastisk flott vêr og ei kjekk løype, seier Leth i målområdet i Sandnes.
Det kan også Gunn-Rita skriva under på.
– Dette er ein folkefest, og det er nå festen byrjar for min del.
Nummer tre i kvinneklassen blei Lene Byberg, som også sykla for Hightech.
«The double»
Seinare på dagen gjekk herrane sin eliteklasse i mål.
Og også i år var det Daniel Jarstø som kom først over mållinja.
– Dette var utruleg kjekt, målet mitt er å slå Roy Hegreberg i tal på Nordsjøritt-sigrar, seier han.
Før han starta klokka 15 i dag såg han på rittet på nett-TV. Der såg han bror sin bli juniormeister.
– Eg tenkte eg skulle kopiera han, og det gjorde eg.