Etter eit sensasjonelt sølv på 400-meter mandag, blei det nedtur og 7.-plass på Norges store svømmetalent i London.
I mål var han over halvminuttet bak førsteplassen på distansen som normalt er ein av hans sterkaste.
– Eg er litt usikker på kvifor det ikkje gjekk. Før løpet følte eg meg veldig bra. Dette kom litt som eit sjokk. Eg merkar det at eg ikkje er i toppform no. Då er det kanskje ikkje så rart at eg fekk ein stopp her, seier Christiansen.
19-åringen klokka til slutt inn på tida 15:04:60.
Sjå siste del av konkurransen her:
Europarekord: – Sjukt imponerande
Allereie etter 500 meter var italienske Gregorio Paltrineri (21 år) så langt framfor konkurrentane at ekspertkommentator Gard Kvale avskreiv resten av feltet i kampen om gullet.
I mål sette Paltrinieri ny europarekord med tida 14:34:04.
– Det han gjør er sjukt imponerande. Eg gler meg verkeleg til å sjå kva han kan få til i OL, seier Christiansen solidarisk.
Då Paltrinieri fossa ifrå låg Henrik Christiansen på 7.-plass av åtte svømmarar.
Etter 1000 meter konkluderte kommentator Ingrid Sørli Glomnes og ekspert Kvåle med at 19-åringen frå Skjetten også var sjanselaus i kampen om medalje.
– Han har rett og slett ikkje dagen, men det er heller ikkje planen at han skal ha ein formtopp under EM. Neste formtopp kjem under OL i august, seier Kvale.
Tom for krefter
Men sjølv om Christiansen ikkje er i ultimat toppform var han lite fornøgd med sjuandeplassen.
– Eg gler meg til å få analysert løpet for å få svar på kva som gjekk gale. Dette stemte ikkje noko særleg, seier 19-åringen.
– Eg følte bare at eg ikkje hadde særleg med krefter igjen, men det er jo lov å ha ein dårleg dag, seier Christiansen.
Italienske Gabriele Detti (21) kapra sølvet. Ukrainske Mykhailo Romanchuk (19) tok bronsemedalje.
Fredag er det finale på 800-meter. Der er det også forventa at det norske OL-håpet skal kunne kjempe om medalje, men sjølv har ikkje Christiansen dei største forventningane.
– Eg har ikkje så store forventningar sjølv. Eg håpar å kunne omstille meg og svømme godt i morgon, seier Christiansen, som først skal ut i forsøksheat for å komme til finale.