Topalov vann Norway Chess etter remis mot Vishy Anand torsdag.
42-åringen stod for den første sjokktriumfen over Magnus Carlsen i turneringa. Carlsen tabbba seg ut og tapte på tid etter å ha misforstått reglane.
Overraskinga ga Topalov bøttevis med sjølvtillit, medan Carlsen blei sett ut av spel i turneringa han var favoritt til å vinne.
– Når eg ser tilbake på turneringa var den første sigeren avgjørende. Det øydela Magnus Carlsens humør resten av turneringa, seier Topalov.
– Eg var heldig som fekk det poenget, fortel 42-åringen, som vann fire gangar, spelte tre remis og tapte kun ein gang etter møtet med Carlsen, og blei både nordmannens og resten av verdselitens store overmann i Norway Chess.
– Har nesten ikkje spelt sjakk
Med suksessen har bulgararen har gjort eit kraftig byks på verdsrankinga. Norway Chess-vinnaren ligg på 2. plass bak Carlsen på den uoffisielle rankinga.
Carlsen har truleg masse tid til å spele sjakk og førebu seg til turneringar. Verdseinaren (24) er i alle fall ikkje familiefar.
Det er Topalov, som ikkje har hatt den best tenkelege oppkøyringa til Norway Chess.
– Eg har ikkje hatt tid til å følge med på alt som skjer i sjakkverda. I tillegg har eg ikkje spelt ein einaste turnering på to månader. Den eine blei avlyst og den andre kunne eg rett og slett ikkje dra på, seier Topalov.
– Eg har nesten ikkje spelt sjakk i oppkøyringa til Norway Chess. Det har blitt om lag fire timar om dagen, og det er mindre enn tidlegare i karrieren.
– Og du har fått ei datter..
– Ja, og ho har nettopp lært seg å gå. Ho elskar å kaste sjakkbrikkene rundt i heimen, så eg må gøyme vekk sjakkbrettet. Men i dag bruker vi alle PC, så det er ikkje det største problemet, seier Topalov.
Ikkje favoritt
Bulgararen har fått ein pangstart i Grand Chess Tour, sjakkens Champions League, der dei beste spelarane i verda gjør opp om samanlagtsiger over tre turneringar.
– Eg ser ikkje på meg sjølv som favoritt til å vinne. Det blir vanskeleg. Eg er fornøgd om eg blir ein av dei tre beste, seier Topalov.
Topalov vann Norway Chess med 6,5 poeng, eit halvt poeng framfor andremann Vishy Anand.