Hopp til innhold

Carlsen sin største utfordrar leikar med verdseliten

– Det er umogleg å ikkje verta imponert over partia Levon Aronian spelar, meiner internasjonal meister i sjakk, Atle Grønn.

Levon Aronian

Verdstoar armenske Levon Aronian syner storspel i Nederland. Det meste av verdseliten er på plass i turneringa Tata Steel i Wijk aan Zee som tel 14 deltakarar i sjakkeliten. Magnus Carlsen er ikkje med.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

Atle Grønn

- Levon Aronian er i kjempeform, seier Atle Grønn.

Foto: NRK

Levon Aronian syner overtydande taktar i sesongopninga i sjakk i Nederland.

– Han er i kjempeform. Det Aronian syner no er over hans vanlege nivå, seier Atle Grønn.

Armenaren, som vert sett på som ein av dei klart største utfordrarane til Magnus Carlsen, leiar den prestisjetunge turneringa Tata Steel – turneringa nordmannen vann i fjor.

– God i alle fasar

– Det er umogleg å ikkje verta imponert over partia han spelar. Han er nesten feilfri, kreativ og god i alle fasar av spelet, fortel Grønn.

Aronian har ei «prestasjonsrating» på over 2900 i turneringa, noko som er over nivået Carlsen vanlegvis spelar.

«Prestasjonsrating» er eit mål på kor bra ein spelar gjer det i éi turnering.

– Det er berre to til tre gongar Magnus har prestert på same nivå som Aronian no gjer, seier Grønn og legg til:

– Held han nivået, vil han vera storfavoritt til kandidatturneringa i mars.

Vinnaren av kandidatturneringa møter Magnus Carlsen i kamp om VM-tittelen i november.

Tidlegare verdsmeister Garry Kasparov fylgjer òg godt med på turneringa i Nederland.

Laster Twitter-innhold

Komplett spelar

Den 31-årige verdstoaren har lenge vore nummer to eller tre på rankinga.

– Han er ein komplett sjakkspelar, har eit fantastisk talent, er uredd og har ei original speleforståing, fortel Grønn.

Han meiner Aronian har gode opningar, men ikkje er så allsidig som Magnus. Han ser på Aronian og Carlsen som like kreative i midtspelet, men at nordmannen er meir presis i sluttspelet.

Ifylgje NRK sin sjakkekspert, Torstein Bae, har den armenske stormeisteren ein heilt annan stil enn Carlsen.

– Armenaren er kjend for å vera teoretisk sterk. Han jobbar mykje med opningar for å finna nye trekk, og prøva å ta motstandaren raskt – tilsvarande strategien russaren Garry Kasparov hadde.

Ikkje på Magnus-nivå enno

Bae meiner fortsatt Aronian har eit stykke igjen for å matcha Carlsen.

– Han har ikkje vore like stabil som Carlsen i fleire turneringar på rad. Det som er så spesielt med Magnus, er at han har klart å halda dette nivået i turnering etter turnering gjennom fleire år. Det har me ikkje sett av Aronian enno, fortel han, men legg til:

– Me har venta på at han skal ta eitt steg vidare. Kanskje har han no klart å heva seg eit lite nivå.

Sjakknasjon

Torstein Bae

NRK sin sjakkekspert Torstein Bae.

Foto: Ole Kaland / NRK

Armenia er eit lite land med i underkant av tre millionar innbyggjarar, men sjakk er stort. Aronian har støtte frå ein stor sjakk-kultur.

– Sjakk er folkesport i Armenia. Heile nasjonen backar han opp. Aronian får mykje sjakk-hjelp og får tilsendt analysar frå stormeistrar i landet, fortel Grønn.

Armenia og Aronian har vunne OL i sjakk tre gongar, seinast i 2012. OL tilsvarar verdsmeisterskap for landslag.

Zürich neste for Carlsen

Carlsen er ikkje med i turneringa i Nederland. Han spelar si fyrste turnering etter VM-tittelen i Zürich i slutten av månaden. Zürich Chess Challenge er ei meir eksklusiv turnering med berre seks inviterte deltakarar, i motsetnad til 14 som no spelar i Nederland.

Bae trur nordmannen kan klara å halda forma oppe.

– Magnus har synt tidlegare at han kan gå frå triumf til triumf, noko som berre eigentleg Kasparov har klart før, i alle fall i seinare tid, seier han og legg til:

– Eg trur sjølvtilliten berre har vakse sidan VM. Han er den sterkaste av dei, og kan våga å gå for siger uansett situasjon. Eg trur turneringa kjem til å verta ein suksess for Magnus.

Desse skal delta i Zürich: Magnus Carlsen (nr. 1), Levon Aronian (nr. 2), Hikaru Nakamura (nr. 3), Fabiano Caruana (nr. 6), Boris Gelfand (nr. 8), Viswanathan Anand (nr. 9).

Siste nytt

  • Spanske myndigheter griper inn – skal «overvåke» landets fotballforbund

    Spanias fotballforbund har havnet under lupen til den spanske regjeringen som følge av flere skandaler det siste året.

    Forbundet skal de neste månedene «overvåkes» av en uavhengig kommisjon underlagt Spanias idrettsråd (CSD).

    – Regjeringen vedtok denne avgjørelsen for å rette opp i den alvorlige situasjonen RFEF er i, slik at forbundet kan fornye seg under stabile forhold, står det i en melding fra CSD.

    Idrettsrådet har tette bånd til Spanias idrettsdepartement.

    Det har stormet rundt landets fotballforbund siden det mye omtalte kysset på podiet etter fjorårets VM-finale for kvinner. Da ble nybakt verdensmester Jenni Hermoso kysset på munnen av Spanias daværende fotballpresident Luis Rubiales.

    Senere trakk Rubiales seg fra vervet på grunn av bråket som fulgte, men ro i RFEF ble det ikke.

    I mars ble Rubiales og flere andre personer pågrepet som en del av etterforskningen av forbundets avtale om å legge den spanske supercupen til Saudi-Arabia. Mistanken handler om mulig pengevasking og korrupsjon. (NTB)

    Soccer Spain Rubiales
    Foto: Manu Fernandez / AP
  • Helseth og Kavlie rett til finale i ro-EM

    Thea Helseth og Inger Kavlie rodde Norges dobbeltsculler til heatseier og booket finaleplass på EMs første dag.

    Den nykomponerte duoen fikk tiden 6.51,81 og vant det andre heatet med over ett sekunds margin på Romania.

    Resultatet betyr at Helseth og Kavlie slipper å ro oppsamling og kan se fram mot søndagens A-finale i ungarske Szeged.

    Nylig var Helseth på pallen med Jenny Rørvik i verdenscupen, men i EM ble Rørvik byttet ut med Kavlie. Trioen kjemper om to plasser i båten i OL. (NTB)

    sq1_1fpr_pQ
    Foto: NTB
  • TV 2: Patrick Thoresen sier ja til å spille for Norge i ishockey-VM

    Det bekrefter hovedpersonen selv til TV 2.

    Thoresen sier han og landslagssjef Tobias Johansson har hatt tett kontakt den siste tiden.

    – Det har tent en liten glød i meg. Jeg kjente for to, tre år siden at jeg var ferdig med landslaget og at jeg hadde gjort mitt. Men nå har jeg har hatt en veldig god sesong i en alder av 40, og når landslagsledelsen ser noe i meg, og sier jeg kan bidra med noe både på og utenfor isen, så vekker det noen følelser jeg trodde var borte, sier han til TV 2..

    Thoresen ga seg på landslaget før VM i 2022, men har nå snudd.

    Patrick Thoresen
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal